ALQ-144

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ALQ-144 jammar montert på OV-10 Bronco.

ALQ-144, AN/ALQ-147, og AN/ALQ-157 er eit amerikansk mottiltak (jamming) mot infra-raudt styrde - eller heimande missil, som den russiske Igla- eller Strela-serien. Det mest brukte mottiltaket før denne jammeren kom på 1970-talet, var dei såkalla narrebluss. Dette var brennande gjenstandar som vart kasta ut frå flyet med ein flamme som likna den infraraude signaturen på flyet sin motor eller ekshaustutsleppet. Dette systemet fungerte på eit vis, men det kravde òg ei mengd slike narrebluss å halda seg over eit risikabelt område i lang tid. ALQ-144-serien kunne skape konstant vern mot visse typar infraraudt heimande missil.