Australian Antarctic Names and Medals Committee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå ANCA)
Hopp til navigering Hopp til søk

Australian Antarctic Names and Medals Committee, forkorta AANMC, vart oppretta som eit rådgjevande organ for australske styresmakter for namn i Australsk Antarktis og det subantarktiske området i Heard Island og McDonald Islands. Komiteen nominerer òg personar til Australian Antarctic Medal.

Medlemmane i komiteen vert utpeikte av ministeren eller parlamentssekretæren som er ansvarleg for saker i Antarktis. Komiteen vart opphavleg skipa i 1952 som Antarctic Names Committee of Australia og endra namn til det noverande i 1982.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]