APFSDS
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
APFSDS står for Armour Piercing Fin-Stabilized Discarding Sabot. Saman med mellom anna HEP og HEAT utgjer denne ammunisjonstypen standard oppsett på Leopard 1A5NO.
APFSDS er ein ammunisjonstype med svær høg fart (opp mot 2 000 m/s) og flat bane, og spesielt godt eigna mot hardt pansra mål, til dømes stridsvogner. Sjølve prosjektilet er pilforma og består av ein kjerne av hardt metall med diameter på 4–5 cm, og vert halde på plass i granaten av ei plastkappe som fell av liket etter at prosjektilet har forlate kanonløpet. Verknaden i målet ved bruk av APFSDS er svært effektfull, med både sjokk- og splintskadar, varmeutvikling og påfølgjande eksplosjonar og brann som vanlege scenario ved treff. Prosjektilet har ingen sprengladning. Det er berre den kinetiske energien som gjev verknaden i sammanstøytet.
Ammunisjonen finnast (T) òg i ein versjon med sporlys, APFSDS-T (T står for tracer).
Inntrengningsdjupna har samanheng med farta og lengda på pila. Til dømes kan den vera 400 mm i RHA på 3 000 meter for ei pil som er 55 cm lang.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «APFSDS» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2018.