APG III-systemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå APG III systemet)
Gå til: navigering, søk

APG III-systemet (Angiosperm Phylogeny Group III system) for planteklassifisering er den tredje versjonen av eit moderne, hovudsakleg molekyl-basert, system for plantetaksonomi. Det vart publisert i 2009 av Angiosperm Phylogeny Group, 6½ år etter at forløparen, APG II-systemet, vart publisert.[1][2][3]

I oktober 2009 foreslo medlemmer av Linnean Society i London ein formell fylogenetisk klassifikasjon av alle landplantar, etter APG III-klassifikasjonen.[4] Dette var naudsynt sidan botanikarar og fykologar (algeforskarar) ofte er usamde om kva for taksonomisk rang gruppene blir lagt under.

Endringar i høve til APG II[endre | endre wikiteksten]

I APG III-systemet er alle 45 ordenar i det førre systemet. I tillegg er det lagt til 14 nye. Ordenen Ceratophyllales var feilaktig oppført som ein ny orden, men den har vore med i begge dei tidlegare APG systema. Dei 14 nye ordenane i APG III systemet er:

Amborellales, Nymphaeales, Chloranthales, Petrosaviales, Trochodendrales, Buxales, Vitales, Zygophyllales, Picramniales, Huerteales, Berberidopsidales, Escalloniales, Bruniales og Paracryphiales.

Systemet med alternative «parentes-familiar» er lagt vekk i APG III, ettersom det var lite populært i det tidlegare stsyemet. APG III godtek 415 familiar, 42 færre enn i det førre systemet. 44 av dei 55 «parentes-familiane» vart fjerna. I tillegg vart 18 andre familiar òg tatt bort.

Dei fjerna «parentes-familiane» var:

Illiciaceae, Alliaceae, Agapanthaceae, Agavaceae, Aphyllanthaceae, Hesperocallidaceae, Hyacinthaceae, Laxmanniaceae, Ruscaceae, Themidaceae, Asphodelaceae, Hemerocallidaceae, Kingdoniaceae, Fumariaceae, Pteridophyllaceae, Didymelaceae, Tetracentraceae, Pterostemonaceae, Hypseocharitaceae, Francoaceae, Memecylaceae, Lepuropetalaceae, Rhoipteleaceae, Medusagynaceae, Quiinaceae, Malesherbiaceae, Turneraceae, Bretschneideraceae, Diegodendraceae, Cochlospermaceae, Peganaceae, Tetradiclidaceae, Nyssaceae, Ternstroemiaceae, Pellicieraceae, Aucubaceae, Donatiaceae, Lobeliaceae, Desfontainiaceae, Diervillaceae, Dipsacaceae, Linnaeaceae, Morinaceae og Valerianaceae.

Dei andre familiane som har gått ut er:

Limnocharitaceae, Luzuriagaceae, Sparganiaceae, Ledocarpaceae, Heteropyxidaceae, Psiloxylaceae, Oliniaceae, Rhynchocalycaceae, Parnassiaceae, Maesaceae, Myrsinaceae, Theophrastaceae, Eremosynaceae, Polyosmaceae, Tribelaceae, Aralidiaceae, Mackinlayaceae og Melanophyllaceae.

20 familiar blei tatt inn i APG III-systemet som ikkje hadde vore i det førre systemet og nokre få familiar vart flytt til ein annan plass i systemet. Dei nye godtatte familiane er:

Petermanniaceae, Schoepfiaceae, Limeaceae, Lophiocarpaceae, Montiaceae, Talinaceae, Anacampserotaceae, Centroplacaceae, Calophyllaceae, Guamatelaceae, Gerrardinaceae, Dipentodontaceae, Capparidaceae, Cleomaceae, Cytinaceae, Mitrastemonaceae, Metteniusaceae, Linderniaceae, Thomandersiaceae, and Quintiniaceae.

Talet på familiar ikkje er plassert i nokon order blei redusert frå 39 til 10. Apodanthaceae og Cynomoriaceae blei plassert under angiospermane som incertae sedis, det vil seie ikkje i noko gruppe under angiospermane. Åtte andre familiar blei plasert incertae sedis i ulike supra-ordinal grupper under angiospermar. Dei uplasserte familiane var:

Apodanthaceae, Cynomoriaceae, Dasypogonaceae, Sabiaceae, Dilleniaceae, Icacinaceae, Metteniusaceae, Oncothecaceae, Vahliaceae og Boraginaceae.

Innplasseringa av familien Icacinaceae er framleis tvilsam. Apodytes, Emmotum, Cassinopsis, og nokre få andre genera var mellombels behlade der inntil vidare studiar kan avgjere om dei skal vere der eller ikkje.

Tre genera (Gumillea, Nicobariodendron og Petenaea) vart plasserte under angiospermane incertae sedis. Gumillea var ikkje plassert i APG II-systemet. Nicobariodendron og Petenaea vart nyleg lagt til lista. Den sistnemnde vart seinare plassert i ein eigen familie Petenaeaceae under ordenen Huerteales.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Angiosperm Phylogeny Group (2009), «An update of the Angiosperm Phylogeny Group classification for the orders and families of flowering plants: APG III», Botanical Journal of the Linnean Society 161 (2): 105–121, doi:10.1111/j.1095-8339.2009.00996.x, http://www3.interscience.wiley.com/journal/122630309/abstract, henta 2010–12–10 
  2. As easy as APG III - Scientists revise the system of classifying flowering plants, The Linnean Society of London, 2009-10-08, http://www.linnean.org/index.php?id=448, henta 2009-10-29 
  3. APG III tidies up plant family tree, Horticulture Week, 2009-10-08, http://www.hortweek.com/channel/OrnamentalsProduction/rss/article/943975/APG-III-tidies-plant-family-tree/, henta 2009-10-29 
  4. Chase, Mark W. & Reveal, James L. (2009), «A phylogenetic classification of the land plants to accompany APG III», Botanical Journal of the Linnean Society 161 (2): 122–127, doi:10.1111/j.1095-8339.2009.01002.x 
  5. Christenhusz, M. J. M., M. F. Fay, J. J. Clarkson, P. Gasson, J. Morales Can, J. B. Jimenez Barrios & M. W. Chase (2010). Petenaeaceae, a new angiosperm family in Huerteales with a distant relationship to Gerrardina (Gerrardinaceae), Botanical Journal of the Linnean Society 164: 16-25. http://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1111/j.1095-8339.2010.01074.x/abstract
  6. Christenhusz, M. J. M., M. W. Chase, & M.F.Fay (2011). Preface to "Linear sequence, classification, synonymy, and bibliography of vascular plants: Lycophytes, ferns, gymnosperms and angiosperms", Phytotaxa 19: 4–6. http://www.mapress.com/phytotaxa/content/2011/f/pt00019p006.pdf

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]