A Beard of Stars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
A Beard of Stars
Studioalbum av Tyrannosaurus Rex
Utgjeve 13. mars 1970
Innspelt April–november 1969
Studio Trident i London
Sjanger Psykedelisk folk, folkrock
Lengd 35:03
Selskap Regal Zonophone
Produsent Tony Visconti
Tyrannosaurus Rex-kronologi
Unicorn
(1969)
A Beard of Stars T. Rex
(1970)


Singlar frå A Beard of Stars
  1. «By the Light of a Magical Moon»
    Utgjeve: 1970

A Beard of Stars er det fjerde studioalbumet til den engelske psykedelisk folk-gruppa Tyrannosaurus Rex, og det siste før dei endra namn til T. Rex. Det kom ut 13. mars 1970 på Regal Zonophone.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

A Beard of Stars var det første albumet til Marc Bolan med den nye musikalske partnaren Mickey Finn. Det bestod av Bolan på vokal, gitar, orgel og bass og Finn på perkusjon og bass. Det var kjend for å vere det første albumet der Bolan nytta ein elektrisk gitar, sjølv om han hadde brukt instrumentet på singelen «King of the Rumbling Spires»/«Do You Remember» i 1969. I følgje Mark Deming i AllMusic var A Beard of Stars «vendepunktet der Marc Bolan byrja å utvikle seg frå ein angrande hippie til den fullstendig spradande rockestjerna han kom til å bli i løpet av eit par år. Men for dei som ikkje er kjend med det førre arbeiet hans, høyrest det framleis ut som verket til ein mann med sinnet plugga inn i ei tid av lysergisk forheksing».[1]

Fire spor frå dette albumet, inkludert «Great Horse», vart berga frå ei innspeling våren 1969 for eit fjerde album med den originale perkusjonisten Steve Peregrin Took etter «King of the Rumbling Spires». Desse fire spora vart overdubba for utgjevinga av Finn, Bolan og Visconti.[2] Fire spor til frå Took-innspelinga kom ikkje med på det endelege albumet og har sidan dukka opp på forskjellige samleplater. Tre av dei («Once Upon the Seas of Abyssinia», «Blessed Wild Apple Girl», «Demon Queen») kom ut medan Bolan levde, medan det fjerde («Ill Starred Man») kom ut posthumt.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

A Beard of Stars kom ut 13. mars 1970 på Regal Zonophone i Storbritannia og Blue Thumb i USA. Det nådde 21. plassen på UK Albums Chart.[3]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

I ei seinare melding skreiv AllMusic at albumet var ein «stor tranformasjon. A Beard of Stars held på sjarmen til den tidlegare musikken til Tyrannosaurus Rex, medan den naturlege karismaen og rockerørslene til Bolan endeleg tek grep. Det er slik ein unikt og særs behagleg plass i katalogen deira».[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Marc Bolan.

Side A
Nr.TittelLengd
1.«Prelude»1:04
2.«A Day Laye»1:56
3.«Woodland Bop»1:39
4.«Fist Heart Mighty Dawn Dart»2:45
5.«Pavilions of Sun»2:49
6.«Organ Blues»2:47
7.«By the Light of a Magical Moon»2:51
8.«Wind Cheetah»2:38
Side B
Nr.TittelLengd
1.«A Beard of Stars»1:37
2.«Great Horse»1:42
3.«Dragon's Ear»2:37
4.«Lofty Skies»2:54
5.«Dove»2:06
6.«Elemental Child»5:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
Australia (Kent Music Report)[5] 27
UK Albums Chart 21

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Deming, Mark. «A Beard of Stars – Tyrannosaurus Rex». AllMusic. Henta 15. juli 2021. 
  2. Paytress, Mark (1992). 20th Century Boy – The Marc Bolan Story. Sedgewick and Jackson. 
  3. «T. Rex | artist | Official Charts». Official Charts. Henta 15. juli 2021. 
  4. «Tyrannosaurus Rex - A Beard of Stars credits». AllMusic. Henta 15. juli 2021. 
  5. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 302. ISBN 0-646-11917-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]