A Big Hunk o' Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Big Hunk o' Love
Singel av Elvis Presley
frå albumet 50,000,000 Elvis Fans Can't Be Wrong Elvis' Gold Records Volume 2
B-side

«My Wish Came True»

Utgjeve 23. juni 1959[1]
Innspelt 10. juni 1958, RCA Victor Studios, Nashville i Tennessee[1]
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:12
Selskap RCA Victor
Tekstforfattar Aaron Schroeder
Låtskrivar(ar) Aaron Schroeder, Sidney Wyche
Elvis Presley-kronologi 
«I Need Your Love Tonight»
(10. mars 1959)
A Big Hunk o' Love «Stuck on You»
(23. mars 1960)


«A Big Hunk o' Love» er ein song skriven av Aaron Schroeder og Sid Wyche eller Sid Jaxon og ført spelt inn av Elvis Presley, som gav ut songen på singel den 23. juni 1959[1]RCA Victor. Singelen toppa Billboard Hot 100 i to veker.[2]

Presley byrja å spele songen att i 1972 då han heldt konsertar på Las Vegas Hilton i februar 1973, og han var ein del av repertoaret fram til midten av 1973. Han vart framført live siste gongen 26. januar 1974. Songen er med i dokumentarfilmen Elvis On Tour frå 1972 og Aloha from Hawaii frå 1973.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«A Big Hunk o' Love» vart spelt inn under den første og einaste innspelinga til Presley i løpet av to åra med militærteneste. Innspelinga fann stad 10. juni 1958 i Nashville. Det var første innspelinga der gitaristen Scotty Moore og bassisten Bill Black ikkje var med. Dei hadde begge spelt med Elvis sidan den første innspelinga hans for Sam Phillips i Memphis Recording Service, som seinare vart kjend som Sun Studios. Elvis hadde med seg den faste trommeslagaren D.J. Fontana og korvokalistane The Jordanaires. Resten av musikarane var studiomusikarar frå Nashville, gitarist Hank Garland på gitar, Floyd Cramer på piano, Bob Moore på kontrabass, Buddy Harman og D.J.Fontana på trommer. Songen vart spelt inn på fire opptak, og den utgjevne versjonen var ei samanblanding av opptak tre og fire.[1][3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

RCA Victor gav ut «A Big Hunk o' Love» med «My Wish Came True» som B-side både i USA og Storbritannia. Då singelen kom ut 23. juni var det den andre utgjevinga til Presley denne innspelinga etter «I Need Your Love Tonight» med «(Now and Then There's) A Fool Such as I» den 10. mars 1959.[1][3]

Singelen låg to veker på toppen av Billboard Hot 100, medan B-sida nådde 12. plassen.[2] Singelen var mindre suksessrik på Cashbox Top 100 der A-sida nådde andreplassen og B-sida 23. plassen.[4]UK Singles Chart nådde A-sida 4. plassen.[5] A-sida nådde òg 10. plassen på Billboard R&B Singles-lista.[6]

På grunn av suksessen til songen vart den nesten singelen til Elvis ein annan Aaron Schroeder-song, «Stuck on You». «A big Hunk o' Love» var den første av fire Schroeder-songane som vart store hittar for Elvis.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

1959 7" 45 RPM
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«A Big Hunk o' Love»Aaron Schroeder, Sid Jaxon2:12
2.«My Wish Came True»Ivory Joe Hunter2:32
2007 7" 45 RPM
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«A Big Hunk o' Love»Schroeder, Sidney Wyche 
2.«My Wish Came True»Hunter 
3.«A Big Hunk o' Love – Alt. Take 1»Schroeder, Wyche 

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart omsett til tysk av Joachim Relin og kalla «Hey Babe», sungen av Ted Herold i 1959. I 1971 spelte Rauli «Badding» Somerjoki ein finskspråkleg versjon av songen kalla «Iso lemmen pala», omsett av Jarkko Laine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 ELV1S: 30 #1 Hits (CD liner). Elvis Presley. RCA Records. 2002. s. 11, 18. 68079-2. 
  2. 2,0 2,1 Whitburn, Joel (2010). The Billboard Book of Top 40 Hits (9th utg.). Billboard Books. s. 520. ISBN 978-0-8230-8554-5. 
  3. 3,0 3,1 Jorgensen, Ernst Mikael (1998). Elvis Presley: A Life in Music – The Complete Recording Sessions. New York City: St. Martin's Press. ISBN 0-312-18572-3. 
  4. «The Cash Box Top 100 Singles: Week Ending 29. august 1959». Cash Box Magazine. Henta 17. oktober 2016. 
  5. «Featured Artists: Elvis Presley». The Official Charts Company. Henta 17. oktober 2016. 
  6. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 468. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]