A Case of You

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Case of You
Song av Joni Mitchell
frå albumet Blue
Utgjeve 1971
Innspelt 1971
Sjanger Folk, folkrock
Lengd 4:20
Selskap Reprise
Komponist Joni Mitchell
Tekstforfattar Joni Mitchell
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Joni Mitchell

«A Case of You» er ein song av Joni Mitchell, gjeve ut i 1971 på albumet hennar Blue.

Mitchell skreiv «A Case of You» i eller før 1970. Som med mange av songane på Blue, er brotet med Graham Nash ofte omtalt som ei inspirasjonen bak songen.[1] Han er òg hevda å vere om Leonard Cohen.[2] Ho framførte songen p åAmchitka Greenpeace-konserten i oktober 1970. Ho spelte inn songen i 1971, og han kom ut i 1971 på Blue der Mitchell spelte Appalachian dulcimer, akkompagnert av James Taylor på akustisk gitar.

«A Case of You» vart òg gjeven ut som B-side til «California».[3]

Mitchell gav seinare ut eit konsertopptak av songen på Miles of Aisles (1974) og på orkesteralbumet Both Sides Now (2000).

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er spelt inn over 300 kjende innspelingar av «A Case of You».[4]

Bandet Sloan spelte inn songen i 1992 for hyllestalbumet Back to the Garden. Denne vart òg gjeven ut på singel.

Tori Amos spelte inn songen som B-side for den britiske singelen «Cornflake Girl» i 1994.

Prince spelte songen gjennom heile karrieren sin. Ei utgåve av songen frå 1983 kom ut på det posthume albumet Piano & A Microphone 1983. Han spelte inn ein versjon, kalla «A Case of U», i 2002 på albumet One Nite Alone..., som han dediserte til faren John L. Nelson, som døydde i august 2001. Denne utgåva kom òg ut i 2007 på hyllestalbumet A Tribute to Joni Mitchell.

Jane Monheit spelte inn songen i 2001 på albumet hennar Come Dream with Me.

Diana Krall spelte inn songen i 2001 på albumet hennar Live in Paris.

k.d. lang spelte inn songen i 2004 på albumet hennar Hymns of the 49th Parallel, ein hyllest til favorittlåtskrivarane frå Canada.

Julia Murney spelte inn songen i 2006 på albumet hennar I’m Not Waiting.

Michelle Branch spelte inn songen i 2009 på albumet Covered, A Revolution in Sound.

Den engelske visesongaren James Blake spelte songen på EP-en Enough Thunder (2011). Samplingar frå denne innspelinga vart så nytta på songane «Tep and the Logic» og «You Know Your Youth», som finst på luksusutgåva av debutalbumet hans.

I 2012 spelte den portugisiske songaren Ana Moura inn ein versjon for albumet hennar Desfado, produsert av den tidlegare ektemannen og produsenten til Mitchell, Larry Klein.

I 2014 gav den engelske visesongaren Gabrielle Aplin ut ein versjon for English Rain EP.[5]

Ein versjon av «A Case Of You» er ein del av det endelege sporet på Salvador Sobral-albumet Excuse Me Ao Vivo.

I 2019 spelte Brandi Carlile songen på ein konsert i The Garden.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Songen er nytta i filmane Truly, Madly, Deeply, Practical Magic og Waking the Dead. Mitchell avslo derimot å gje løyve til å bruke songen i filen A Case of You frå 2013.[6]

Songen var både referert og omtalt i ein episode av sjukehusdramaserien Chicago Hope i 1996, der dr. Diane Grad (Jayne Brook) nemner at Blue-albumet var ein personleg favoritt då ho voks opp og at «A Case of You» var favorittsongen hennar på albumet. Songen vart nytta under rulleteksten av episoden.

I 2013 vart songen nytta i fjerde episode av femtesesongen av NBC-serien Parenthood.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Behind the Song: Joni Mitchell, «A Case of You» « American Songwriter». americanlåtskrivar.com. 9. januar 2021. Arkivert frå originalen 9. februar 2018. Henta 24. januar 2021. 
  2. Chiasson, Dan (2. oktober 2017). «Joni Mitchell's Openhearted Heroism» – via www.newyorker.com. 
  3. «Joni Mitchell – California». Discogs. Henta 23. januar 2021. 
  4. «Joni Mitchell - Known recordings of 'A Case of You'». jonimitchell.com. 
  5. FB, Dr (3. april 2014). «A Case Of Her: Gabrielle Aplin To Release «English Rain» EP». drfunkenberry.com. Henta 24. januar 2021. 
  6. «Romantic Comedy: Imbibe in Moderation». The New York Times. 6. november 2013. Henta 24. januar 2021. 
  7. «Music from Parenthood S5E04». tunefind.com. Henta 24. januar 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]