A Hard Rain's a-Gonna Fall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
A Hard Rain's a-Gonna Fall
Song av Bob Dylan
frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan
Utgjeve 27. mai 1963
Innspelt 6. desember 1962
Sjanger Vise
Lengd 6:55
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent John Hammond

Oh, where have you been, my blue-eyed son?
Oh, where have you been, my darling young one?

Bob Dylan

«A Hard Rain's A-Gonna Fall» er ein song skriven av Bob Dylan sommaren 1962. Han vart først spelt inn i Columbia Records sitt Studio A den 6. desember 1962 for det andre albumet hans, The Freewheelin' Bob Dylan (1963). Tekststrukturen er basert på spørsmål- og svar-formatet frå den tradisjonelle balladen «Lord Randall».

Dylan spelte songen for første gongen i Carnegie Hall, den 22. september 1962.[1][2]

På omslaget til Freewheelin' står det skrive at songen er eit svar til Cuba-krisa som starta 22. oktober 1962, men Dylan hadde skrive songen over ein månad før krisa braut ut. Enkelte har hevda at refrenget refererer til radioaktivt nedfall, men Dylan har avkrefta dette.[3]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mike Marqusee,Wicked messenger: Bob Dylan and the 1960s. Seven Stories Press, 2005, s.64f
  2. Robert Shelton,No direction home: the life and music of Bob Dylan. Da Capo Press, 2003, s.152
  3. Cott (ed.), Dylan on Dylan: The Essential Interviews, s.7-9

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]