A Kiss in the Dreamhouse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Kiss in the Dreamhouse
Studioalbum av Siouxsie and the Banshees
Språk engelsk
Utgjeve 5. november 1982
Innspelt Juni til august 1982
Studio Playground i Camden Town og Abbey Road i England
Sjanger
Lengd 37:45
Selskap Polydor
Geffen (1984 US release)
Produsent Siouxsie and the Banshees
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
Juju
(1981)
A Kiss in the Dreamhouse Hyæna
(1984)
Siouxsie Sioux-kronologi
Wild Things
The Creatures
(1981)
A Kiss in the Dreamhouse Feast
the Creatures
(1983)
Singlar frå A Kiss in the Dreamhouse
  1. «Slowdive»
    Utgjeve: 4. oktober 1982
  2. «Melt!»
    Utgjeve: 26. november 1982

A Kiss in the Dreamhouse er det femte studioalbumet til det britiske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Det kom ut 5. november 1982 på Polydor Records. Innspelinga markerte ei musikalsk endring for gruppa og dei nytta strykarar for første gongen og eksperimenterte meir i studio. Gitaristen John McGeoch spelte fleire instrument, som blokkfløyte og piano. For Julian Marszalek i The Quietus synte utgjevinga at The Banshees var «eit av dei store britiske psykedeliske banda.»[1]

A Kiss in the Dreamhouse både selde godt og fekk god omtale, og nådde 11. plassen på UK Albums Chart.[2] I august 2007 vart det rangert øvst på lista til Mojo over dei beste albuma frå 1982.[3] I september 2018 kom plata ut med ommastra lyd på 180-grams vinyl.

Bakgrunn, innspeling og musikk[endre | endre wikiteksten]

Bandet tok ein pause frå låtskrivinga etter suksessen med Juju i 1981. våren 1982 drog dei på turné i Skandinavia med tre nye spor: «Cascade», «Painted Bird» og «Green Fingers». Då dei kom attende til studio i juli, sette gruppa av ei veke til å improvisere, sett i gang av ei lydbandsløyfe av ein orkesterversjon av «Fireworks», ein singel som kom ut mai og som ikkje var med på noko album. Dei andre songane kom kjapt.[4] Siouxsie ønskte ikkje å bruke synthesizer i arrangementet: «Fireworks» indikerte retninga me ønskte for albumet. Me ønskte strykarar. John [McGeoch] ønskte ein maskin, men Steven [Severin] og eg sa eg ville ha verkelege strykarar. Dei gjev ein verkeleg, jordnær og rik lyd. Du kan høyre strengane spytte og buste og kvese. Me og Steve har alltid ønskt at musikken vår skulle spelast av Royal Philharmonic Orchestra. Me har alltid tenkt at songane våre passar eit orkester. Verkelege strykarar har ein særs fysisk lyd».[5]

A Kiss in the Dreamhouse var det første albumet der The Banshees verkeleg unytta mogelegheitene i studio.[5] Dei tillet seg å bli inspirerte av lydane.[5] Lydteknikaren Mike Hedges, som var interessert i vokal, sette forskjellige effektar på røysta til Siouxie og brukte fleire lag av vokal.[6] Hedges oppfordra dei òg til å teste forskjellige effektar, og om bandet kom opp med noko som var uvanleg, så ønskte å han ta det enno lengre.[7]

I følgje bandet var A Kiss in the Dreamhouse truleg det mest eksperimentelle albumet deira.[7] Det vert nytta blokkfløyte, chimes, røyrbjøller, bandsløyfer og mange vokalspor på plata. Consequence of Sound skildra det som deira «eiga form for neo-psykedelisk rock[8]

Den personlege dynamikken i bandet under innspelinga av A Kiss in the Dreamhouse var ofte mindre sunn. Bandet hadde nyleg sparka manageren sin og den tidlegare partnaren til Siouxie, Nils Stevenson, etter han vart besett då ho byrja å utvikle eit forhold til Budgie. Bandet brukte mange timar i studio, etterfølgd av alkohol og dop. I følgje Uncut-skribenten Garry Mulholland, var «den utruleg vakre musikken på Dreamhouse eit produkt av avhengnad, stress, gammal og sju kjærleik og ny og farleg kjærleik, pengesorg og eit mørke som til slutt kom til å krevje tre liv».[9]

Tittel og plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Danaë (1907) av Gustav Klimt. Plateomslaget er basert på verket til Klimt.

Tittelen A Kiss in the Dreamhouse kom til Severin etter å ha sett eit program om prostituerte i Hollywood i 1940-åra som tok kosmetisk kirurgi for å likne på stjernene slik at dei kunne få fleire kundar.[7] «Dreamhouse» var eit bordell i Los Angeles der folk kunne møte kvinner som likna på stjernene på den tida, som Mae West.[5]

Sitatet på innsida av omslaget, «Nellie the Elephant packed his trunk and said goodbye to the circus», syner til den langvarige, tidlegare manageren Stevenson (med kallenamnet «Nellie»), som fekk sparken før innspelinga av albumet.[7]

Plateomslaget var inspirert av måleri av Gustav Klimt. Sidan Banshees hadde klart å få den fylden dei ønskte på plata, ønskte dei «eit verkeleg fargerikt omslag med mykje gull og djupe fargar, fordi me følte musikken var særs fyldig».[5]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[10]
Melody Makersærs positiv[11]
NMEsærs positiv[12]
The Quietussærs positiv[1]

Den britiske musikkpressa var samd i lovorda om albumet då det kom ut. Richard Cook i NME rekna det som nyskapande: «A Kiss in the Dreamhouse er ein brag med nyskapingar som knapt er høyrt før. Det er fantastisk. På ein eller annan måte har ei modig forsikring om kva som var intensjonen blitt møtt med ein svolt etter å eksperimentere med lyd for å utvide det som alt var ei formidabel gruppe med songar, til ein rein, fordomsfri tvetydigheit. Songane vert blese opp eller forvrengd til utenkelege mønster. Ubeskrivelege ekko går att og fram mellom veggane på plata. Glassaktige, splitta tonar stikk gjennom den frodige glansen i miksen. Fleire gjennomlyttingar gjev deg ei falsk kjensle av balanse. Ein har tatt enorme sjansar.»[12]

Cook avsluttar med å sei: «Eg lovar dykk. Denne musikken vil ta pusten frå deg».[12] Paul Du Noyer skreiv at A Kiss in the Dreamhouse var «eit verkeleg steg til sides for tradisjonell rock» og «kanskje det aller beste albumet deira».[13] Albumet vart rangert på 11. plassen på lista til NME over årets album for 1982, medan «Slowdive» vart rangert blant dei 50 beste songane.[14]

Steve Sutherland i Melody Maker likte òg den nye musikalske retninga: «The Banshees oppnår ein kjempeflott, effektiv ny pop utan så mykje som ein teori eller skruppel. Dreamhouse er ein rusande prestasjon».[11] David Cleary i AllMusic skildra seinare singelen «Slowdive» som «ein fiolin-farga dance-song med ein fengande melodi som verkar uverkeleg», og snakka positivt om albumet: «Denne fine plata er godt verdt eit kjøp».[10]

I 2006 tok musikkhistorikaren Garry Mulholland med plata i boka si Fear of Music om dei 261 beste albuma sidan 1976.[15]

I 2009, etter nyutgjevinga av albumet, skreiv The Quietus: «Resultatet vart den mest fargerike og - kremt - kaleidoskopiske samlinga deira til då».[1] Kritikaren Julian Marszalek skreiv at musikken på albumet er «grunnleggjande pop, likevel ikkje redd for å fråtse i ein særheit som kjem av endra sinnstilstandar. Det var eit medvite skifte frå det openberre mørkret på føregangaren, Juju».[1] Marszalek rekna arbeidet til gitaristen McGeoch som «ein saumlaus venleik», og skreiv at «Røysta til Siouxsie oppnår ein kjensle av styrke og modenheit».[1] Journalisten konkluderte med at «Siouxsie and the Banshees er ikkje redd for å strekkje seg. Her var eit band som våga å utfordre seg sjølv like mykje som lyttarane».[1]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Fleire band har seinare spelt inn eller sampla songar frå albumet. LCD Soundsystem gav ut ein versjon av «Slowdive» som B-side til singelen deira «Disco Infiltrator». The Beta Band sampla konsertopptaket frå Nocturne av «Painted Bird» på songen «Liquid Bird» i 2003 på albumet deira Heroes to Zeros.[16]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst er skriven av Siouxsie Sioux, utanom der andre er nemnde; all musikk er komponert av Siouxsie and the Banshees (Sioux, Steven Severin, John McGeoch, Budgie).

Side ein
Nr.TittelTekstLengd
1.«Cascade»Severin4:25
2.«Green Fingers» 3:33
3.«Obsession» 3:51
4.«She's a Carnival»Severin3:39
5.«Circle» 5:22
Side to
Nr.TittelTekstLengd
6.«Melt!»Severin3:47
7.«Painted Bird» 4:15
8.«Cocoon» 4:29
9.«Slowdive» 4:24
Bonusspor på 2009-utgåva
Nr.TittelTekstLengd
10.«Fireworks» (12"-versjon)Severin4:32
11.«Slowdive» (12"-versjon) 5:49
12.«Painted Bird» (Workhouse-demo) 3:49
13.«Cascade» (Workhouse-demo)Severin4:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Siouxsie and the Banshees[endre | endre wikiteksten]

  • Siouxsie Sioux – vokal, bjøller på «Obsession», produsent
  • Steven Severin – bassgitar, 6-strengs bassgitar på «Slowdive», orgel på «Painted Bird», produsent
  • John McGeoch – gitar, klaverinstrument på «Cocoon», «Circle» og «Cascade», blokkfløyte på «Green Fingers», produsent
  • Budgie – trommer, perkusjon, munnspel på «Slowdive», produsent

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Caroline Lavelle – cello på «Obsession»
  • Alison Briggs – cello på «Obsession»
  • Anne Stephenson – fiolin på «Obsession» og «Slowdive»
  • Virginia Hewes – fiolin på «Obsession» og «Slowdive»

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Marszalek, Julian (10. april 2009). «Siouxsie & the Banshees reissues A Kiss in the Dreamhouse Nocturne Hyaena Tinderbox». The Quietus. Henta 16. august 2020. 
  2. «Siouxsie & the Banshees [uk charts]». officialcharts.com. Henta 12. august 2020. 
  3. «80 From The 80’s». Mojo. August 2007. Henta 16. august 2020
  4. Steve Sutherland. «Fireworks expected in Siouxsie's Dream House». Melody Maker. 14. august 1982
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Cooper, Mark. «Let's Get Physical». Record Mirror. 18. desember 82
  6. Paytress, Mark. p.120
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Paytress, Mark. p.124
  8. Lopez, Samantha (8. oktober 2019). «10 Goth-Rock Albums Every Music Fan Should Own». Consequence of Sound. Henta 8. juli 2020. 
  9. Mulholland, Garry (November 2012). «Siouxsie and the Banshees: «We were losing our minds»». uncut.co.uk. Time Inc. (Storbritannia) Ltd. 
  10. 10,0 10,1 Cleary, David. «A Kiss in the Dreamhouse – Siouxsie and the Banshees». AllMusic. Henta 16. august 2020. 
  11. 11,0 11,1 Sutherland, Steve (6. november 1982). «Awakening Dreams [A Kiss in the Dreamhouse - review]». Melody Maker. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Cook, Richard (6. november 1982). «A kiss in the Dreamhouse review». NME. Rock's Backpages (subscription required). Henta 12. august 2020. 
  13. Du Noyer, Paul (4. desember 1982). «Spectacular Siouxsie [Concert review]». NME. 
  14. «Albums and Tracks of the Year». NME. 2016. Henta 17. august 2020. 
  15. Mulholland, Garry (2006). Fear of Music: The Greatest 261 Albums Since Punk and Disco. Orion. ISBN 0-7528-6831-4. 
  16. Lapatine, Scott (April 2004). «The Beta Band Interviews and Articles». Earlash. Arkivert frå originalen 16. januar 2010. Henta 16. august 2020. «EL: On previous albums, you've used some left-field samples as a jumping off point to do something new and original. JM: Yeah, we've got Siouxsie and the Banshees on this record. It was Robin's idea.»