A Rock 'n' Roll Fantasy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå A Rock 'N' Roll Fantasy)
A Rock 'N' Roll Fantasy
Singel av The Kinks
frå albumet Misfits
B-side

«Artificial Light» (Storbritannia)
«Live Life» (USA)

Utgjeve 19. mai 1978
Innspelt Juli 1977 – januar 1978
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 4:58
Selskap Arista 189 (U.K.)
Arista AS 0342 (U.S.)
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«Father Christmas»
(1977)
A Rock 'N' Roll Fantasy «Live Life»
(1978)


«A Rock 'n' Roll Fantasy» er ein song av The Kinks frå albumet Misfits frå 1978. Songen vart skriven av Ray Davies og var inspirert av den urolege tida til bandet på den tida, der to av medlemmane slutta under innspelinga av albumet. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og vart den mest sukessrike singelen til bandet på fleire år.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Under innspelinga av Misfits slutta bassisten Andy Pyle og pianisten John Gosling i bandet, medan trommisen Mick Avory vurderte å slutte. Etter denne endringa heldt Ray og Dave Davies mykje saman og Ray skreiv «A Rock 'n' Roll Fantasy» medan Dave skreiv «Trust Your Heart.»[1]

« Det tok nesten eit år å setje [Misfits] saman, eit par av medlemmane slutta og Mick [Avory] ønskte eigentleg ikkje meir heller. Og me kom i lag slik me hadde gjort så mange gonger før, og spelte Chuck Berry-plater og hadde det kjekt. To songar kom ut av det, 'Rock 'n' Roll Fantasy' og 'Trust Your Heart,' som drog albumet saman. Det kunne lett ha vore slutte for bandet. Men det var noko som ikkje var løyst enno. »

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Teksten på «A Rock 'n' Roll Fantasy» skildrar ein mann, Dan, som er stor fan av The Kinks. Han høyrer på musikken deira når han er nedfor og «lever ein rock and roll-fantasi».[2] Songen nemner òg korleis Ray Davies og broren Dave vurderte å leggje ned The Kinks.[2] Dette kan ein høyre i tekstlinja «break up the band, start a new life be a new man.»

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Songen vart den første frå Misfits som kom ut på singel. B-sida var «Artificial Light» i Storbritannia og «Live Life» i USA. Singelen nådde 30. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100,[3] den høgaste plasseringa til bandet sida «Lola» i 1970. Songen nådde òg 30. plassen i Canada.

Songen har sidan kome med på samlealbumet Come Dancing with The Kinks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hasted, N. (2011). You Really Got Me: The Story of The Kinks. Omnibus Press. ISBN 9781849386609. 
  2. 2,0 2,1 Davies, Ray. «Lyrics». Henta 5. mai 2014. 
  3. «Charts». Henta 5. mai 2014.