A Sailor's Life

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«A Sailor’s Life» er ei engelsk folkevise som skildrar ei ung kvinne som prøver å finn kjærasten sin, ein sjømann. Til slutt får ho høyre at han har drukna og sørgjer over han.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen vart trykt som skillingsvise på 1700-talet og samla inn av W. P. Merrick i 1899 frå Henry Hills frå Lodswroth i Sussex.[1] Han vart publisert i Penguin Book of English Folk Songs og spelt inn i 1960 av A. L. Lloyd for albumet A Selection from the Penguin Book of English Folk Songs.[1] Han vart så spelt inn av Judy Collins på albumet hennar A Maid of Constant Sorrow i 1961 og Martin Carthy for hans Second Album i 1966, då med fiolinisten Dave Swarbrick.[1]

Det truleg frå ein av desse kjeldene at Sandy Denny lærte songen. Ho song songen som soloartist og tok han med seg til Fairport Convention, som med Dave Swarbrick på fiolin, vart gjeven ut på Unhalfbricking i 1969. Denne versjonen var over elleve minuttar lang.[2] Dette var ei innspeling som markerte byrjinga på engelsk elektrisk folk som førte fram til det viktige albumet Liege & Lief seinare på året.[3]

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne fleire variantar av songen:[4]

  • «Sailor Boy» (Amerika)
  • «Black, Black, Was The Color Of My True Love's Hair» (Amerika)
  • «The Lost Sailor» (Australia)
  • «The Pinery Boy»
  • «Willie the Bold Sailor Boy»
  • «Sailor on the Deep Blue Sea» (Amerika)
  • «Sweet William»
  • «Willie Boy» (Amerika)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 'A Sailor's Life', Mainly Norfolk, https://mainlynorfolk.info/lloyd/songs/asailorslife.html. henta 24. februar 2019.
  2. http://www.thewhitenoiserevisited.co.uk/2007/02/does-my-sweet-william-sail-among-your.html, henta 26. januar 2011
  3. Humphries, P. Meet on the Ledge, a History of Fairport Convention, London: Virgin Publishing Ltd, 2nd edn 1997, s. 37-39.
  4. The Traditional Ballad Index, http://www.csufresno.edu/folklore/ballads/LK12.html, henta 26. januar 2011.