A String of Pearls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«A String of Pearls» er ein song frå 1941 spelt inn av Glenn Miller and His Orchestra for RCA Bluebird, komponert av Jerry Gray med tekst av Eddie DeLange.[1] Songen er ein storband- og jazzstandard.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Glenn Miller and His Orchestra spelte inn «A String of Pearls» den 8. november 1941 og han vart gjeven ut som ein singel på RCA Bluebird med B-sida «Day Dreaming», i 1941 av Glenn Miller and His Orchestra

Bobby Hackett spelte den kjende trompetsoloen i Glen Miller-versjonen av songen.

Songen låg to veker på toppen av den amerikanske singellista Billboard Best Sellers i 1942, og låg i alt 21 veker inne på lista.[2][3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Connee Boswell si innspeling for Decca Records i 1942 var av dei første versjonane av songen med vokal. Songen vart òg spelt inn av Benny Goodman,[4] Harry James, Woody Herman, Ritchie Lee, Kurt Edelhagen, Barney Kessel, Floyd Cramer, Dick Schory's Percussion Pops Orchestra, Ernie Fields, James Last, Herb Miller, Geoff Love and His Orchestra, Felix Slatkin, Billy Maxted's Manhattan Jazz Band, Billy Vaughn and His Orchestra, Hugo Montenegro, Marty Gold, Ray McKinley and the New Glenn Miller Orchestra, Ted Heath and His Orchestra, Enoch Light and the Light Brigade, Les and Larry Elgart, the Royal Air Force Dance Orchestra, the Freddie Mitchell Orchestra, Lawrence Welk, Joe Bob's Nashville Sound Company, Diane Courtney og Narciso Yepes, blant andre.[5] Jazzpianisten Stan Kenton spelte inn ein konsertversjon med Red Kelly på bass og Lennie Niehaus på altsaksofon på At the Las Vegas TropicanaBlue Note Records i 1996.

I popkulturen og media[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nytta i biografifilmen om Glenn Miller frå 1953, The Glenn Miller Story med James Stewart.

Songen vart nytta i filmen Carnal Knowledge i 1971., ein episode av The Lawrence Welk Show i 1972, ein episode av The Carol Burnett Show i 1976, filmen Oh, God! i 1977, Tough Guys i 1986 Dennis the Menace i 1993, documentary Blue Vinyl i 2002, The Notebook i 2004 og Revolutionary Road i 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «A String of Pearls» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2015.
  • Butcher, Geoffrey (1997). Next to a Letter from Home. North Pomfret, Vermont: Trafalgar Square. ISBN 0-7515-1078-5
  • Miller, Glenn (1943). Glenn Miller's Method for Orchestral Arranging. New York: Mutual Music Society. ASIN: B0007DMEDQ
  • Simon, George Thomas (1980). Glenn Miller and His Orchestra. New York: Da Capo paperback. ISBN 0-306-80129-9.
  • Simon, George Thomas (1971). Simon Says. New York: Galahad. ISBN 0-88365-001-0
  • Schuller, Gunther (1991). The Swing Era: The Development of Jazz, 1930–1945, Volume 2. New York: Oxford University Press. ISBN 0-19-507140-9
  1. Flower, John (1972). Moonlight Serenade: a bio-discography of the Glenn Miller Civilian Band. New Rochelle, NY: Arlington House. ISBN 0-87000-161-2
  2. Simon, George Thomas. Glenn Miller and His Orchestra. New York: Crowell, 1974.
  3. Song artist 6 - Glenn Miller..
  4. Connor, D. Russell and Hicks, Warren W. BG on the Record. NY: Arlington House, 1969.
  5. A String of Pearls. Second Hand Songs.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]