A Taste of Honey av Bobby Scott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
A Taste of Honey
av Herb Alpert's Tijuana Brass
frå albumet Whipped Cream and Other Delights
Utgjeve 1965
Innspelt 1965
Sjanger
Lengd 2:43
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Bobby Scott, Ric Marlow
Produsent Herb Alpert, Jerry Moss
Herb Alpert's Tijuana Brass-kronologi
«Mae»
(1965)
A Taste of Honey «3rd Man Theme»
(1965)


«A Taste of Honey» er ein popsong skriven av Bobby Scott og Ric Marlow. Han var opphavleg eit instrumentalt spor (eller tilbakevendande tema) skrive for broadwayutgåva av det britiske skodespelet A Taste of Honey i 1960 (som det òg vart laga film av med same namn i 1961). Både originalen og ei seinare innspeling av Herb Alpert i 1965 gav songen fire Grammy-prisar. Ein versjon med vokal vart først spelt inn av Billy Dee Williams (og gjeven ut i 1961 på Prestige), og spelt inn av The Beatles for debutalbumet deira Please Please Me i 1963. Barbra Streisand framførte songen som ein del av cabaretshowet sitt i 1962, og spelte inn songen for debutalbumet The Barbra Streisand Album. Albumet vann Grammyprisen for årets album i 1963.

Instrumentale versjonar[endre | endre wikiteksten]

Den originale versjonen av «A Taste of Honey», «A Taste of Honey (refrain)» og «A Taste of Honey (closing theme)» kom ut på albumet til Bobby Scott i 1960, som òg heitte A Taste of Honey. Denne komposisjonen vann Grammy-prisen for beste instrumentale tema i 1963.

Vokalversjonar[endre | endre wikiteksten]

A Taste of Honey
Song av The Beatles
frå albumet Please Please Me
Utgjeve 22. mars 1963
Innspelt 11. februar 1963
Lengd 2:01
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Bobby Scott/Ric Marlow
Produsent George Martin

The Beatles[endre | endre wikiteksten]

The Beatles framførte Lenny Welch si utgåve av songen, med ein litt endra tekst i refrenget, som ein del av repertoaret sitt i 1962 [2] og då den instrumentale versjonen til Acker Bilk vart populær i Storbritannia på den tida, vart songen valt ut til debutalbumet deira i 1963, Please Please Me. Ein versjon frå denne tida kom ut i 1977 på albumet Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962.

I USA kom songen først ut på VeeJay Records-albumet Introducing... The Beatles. Dei spelte òg «A Taste of Honey» sju gonger for BBC radio, inkludert programma Here We Go, Side by Side og Easy Beat.[3] I 1967 vart McCartney inspirert til å skrive «Your Mother Should Know» basert på ei linje frå filmen A Taste of Honey.[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lydteknikar var Norman Smith[4]

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

Lenny Welch spelte inn ein tidleg versjon med vokal. Denne kom ut på singel i september 1962 og seinare på albumet Since I Fell for You. Denne versjonen tilskriv òg Lee Morris som låtskrivar, men et er uvisst om han skreiv teksten. Denne krediteringa finst ikkje på andre versjonar av songen, der berre Marlow/Scott er oppført. Johnny Rivers spelte inn songen på albumet sitt Changes.

Tony Bennett nådde 94. plassen i USa med ein vokal verjson av songen for albumet The Many Moods of Tony i 1964.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 19. 
  2. 2,0 2,1 MacDonald, Ian (1998). Revolution in the Head. London: Pimlico. s. 231. ISBN 0-7126-6697-4. 
  3. «The Beatles Bible: A Taste Of Honey». Henta 10. mars 2018. 
  4. A Taste Of Honey | The Beatles Bible