A Woofer in Tweeter's Clothing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
A Woofer in Tweeter's Clothing
Studioalbum av Sparks
Utgjeve Februar 1972
Innspelt 1972
Studio
  • ID Sound at La Brea
  • Walley Heider Studios[1]
Sjanger poprock[2]
Lengd 39:56
Selskap Bearsville
Produsent Thaddeus James Lowe
Sparks-kronologi 
Halfnelson
(1971)
A Woofer in Tweeter's Clothing Kimono My House
(1974)


Singlar frå A Woofer in Tweeter's Clothing
  1. «Girl from Tyskland« med »Beaver O'Lindy»
    Utgjeve: June 1974

A Woofer in Tweeter's Clothing er det andre studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks. Det kom ut i 1972 og inneheld singelen «Girl from Germany». Det vart det siste albumet gjeve ut med dei fem originale medlemmane i Sparks.

Albumet vart spelt inn og miksa i ID Sound i La Brea og Walley Heider Studios, og vart produsert av Thaddeus James Lowe, då lydteknikaren til Todd Rundgren og tidlegare songar i The Electric Prunes. Albumet fekk middels til positive meldingar då det kom ut i februar 1972.[3] Plateomslaget vart fotografert av Larry DuPont og Ron Mael.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

A Woofer in Tweeter's Clothing kom ut i februar 1972. Det vart ikkje ein stor suksess og gjekk ikkje inn på Billboard 200 i USA. Etter at gruppa vart ein overraskande suksess i Storbritannia, vart «Girl from Germany» gjeven ut på singel der, men han gjekk ikkje inn på lista.

Albumet førte til ein turné til Storbritannia, inkludert ein periode som fast band på The Marquee i London,[4] som trass i mykje tilrop frå publikum, skaffa dette dei eit større kult-følgje. Ei framsyning på BBC Television-programmet Old Grey Whistle Test førte til auka interesse, trass i ei kald mottaking frå programleiaren Bob Harris.[5]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

A Woofer in Tweeter's Clothing har vore gjeven ut fleire gonger på ny etter 1972. Det har ofte kome ut i lag med føregangaren Sparks. Ei slik utgåve kom i 1975 for å utnytte suksessen deira i Storbritannia. Denne versjonen heitte 2 Originals of Sparks og kom som eit dobbeltalbum med eit hefte på 14 sider.

I 1988 kom albumet for første gongen ut på CD, igjen i lag med det første Sparks-albumet, men for å få plass til begge platene på ei enkel CD-plate vart dei fire siste songane på albumet mastra på ein høgare snøggleik enn på den originale plata, og korta ned speletida til 39:27. Sjølv om albumet sidan har kome ut aleine, inkludert den siste utgjevinga på Rhino Encore i 2008, har ein halde fram å nytte denne raskare masterutgåva.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[6]

A Woofer In Tweeter's Clothing fekk middels til positive meldingar av kritikarane.

Allmusic skreiv om albumet: «Albumet byggjer på styrkane til debutplata og skapar ei enno betre oppleving. Den same fem medlemmane kjem med fleire skarpe framferder. Ein kvar som lurer på kvifor Faith No More seinare dukka opp på Sparks sitt eige hyllestalbum, Plagiarism, treng berre å høyre på Woofer for å forstå. Som ein fullstendig puré av musikalske stilartar med vridde synspunkt, er det eit perfekt album.»[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Girl from Germany»Russell Mael, Ron Mael3:26
2.«Beaver O'Lindy»Ron Mael, Russell Mael, Earle Mankey, Jim Mankey, Harley Feinstein3:44
3.«Nothing Is Sacred»Ron Mael5:31
4.«Here Comes Bob»Ron Mael, Russell Mael2:09
5.«Moon Over Kentucky»Ron Mael, lyrics: Jim Mankey4:08
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Do Re Mi»Richard Rodgers, Oscar Hammerstein II3:38
7.«Angus Desire»Ron Mael, Russell Mael3:25
8.«Underground»Earle Mankey2:59
9.«The Louvre»Ron Mael; French Translation by Josée Becker5:04
10.«Batteries Not Included»Ron Mael0:47
11.«Whippings and Apologies»Ron Mael5:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Sparks

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Xavier Lorente-Darracq. «SPARKS «A Woofer In Tweeter's Clothing» second Lp album on Bearsville Records». graphikdesigns.free.fr. Henta 2. desember 2011. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 21. april 2022 – via robertchristgau.com. 
  3. participant., Wright, Edgar, 1974- filmregissør, film produsent. Park, Nira, film produsent. Hencken, George, film produsent. Richardson, Laura (Produsent), film produsent. Mael, Ron, on-screen participant. Mael, Russell, on-screen participant. Beck, on-screen participant. Myers, Mike, 1963- on-screen, The Sparks brothers, OCLC 1266532116, henta 21. april 2022 
  4. Easlea, Daryl (July 2003). «Sparks Interview». Record Collector Magazine Issue 287. 
  5. «Sparkography on allsparks.com». Arkivert frå originalen 16. april 2006. Henta 21. april 2022. 
  6. 6,0 6,1 «Allmusic review». allmusic.com. Henta 21. april 2022.