A jour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

A jour, frå fransk à jour, «til dag(s dato)», nytta om rekneskap, dagbøker og liknande i tydinga «ført fram til dags dato», elles nytta i tydinga «oppdatert, underretta, kjend med det siste som har hendt på eit område».

Nytta om gjennomskinlege edelsteinar tydar à jour «gjennomsiktig», det vil seie at dei er festa i innfatninga berre med kantane, slik at ein kan sjå gjennom dei .