A las barricadas
«A las barricadas» ('Til barrikadane') var ein av dei mest populære songane til anarkistane under den spanske borgarkrigen 1936-1939. Melodien er frå songen «Warszawjanka» frå 1905, og den spanske teksten er skriven av Valeriano Orobón Fernández.
«La Confederación» som det er referert til i siste vers var den anarkosyndikalistiske fagorganisasjonen CNT (Den nasjonale arbeidarkonføderasjonen), på den tida den største fagorganisasjonen og viktigaste anarkistorganisasjonen i Spania. CNT var ei viktig kraft i kampen mot general Francisco Franco sitt militærkupp mot den spanske republikken.
Tekst
[endre | endre wikiteksten]| Spansk | Katalansk[1] | Engelsk omsetjing |
|---|---|---|
Negras tormentas agitan los aires |
Negres tempestes agiten els aires |
Black storms shake the air |
Det tredje verset er somtid sunge med lina «Alza la bandera revolucionaria, que del triunfo sin cesar nos lleva en pos» ('Reis opp det revolusjonære flagget, som fører oss fram til ustanseleg siger').
Artistar som syng denne songen omfattar
[endre | endre wikiteksten]- Ades
- Dandelion Junk Queens
- Los Dolares
- Pascal Comelade
- Serge Utgé-Royo
- Los Muertos De Cristo
- Victor Manuel
- Asto Pituak
- Juventude Maldita (hardcore band from Brazil)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «A las barricadas» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- http://anarchismus.at/ - Hosting mp3s of A Las Barricadas