A zori zdes' tikhie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
А зори здесь тихие
RegiStanislav Rostótskij Sjå dette på Wikidata
ManusStanislav Rostótskij, Boris Vasiljev Sjå dette på Wikidata
Basert påStille ved daggry Sjå dette på Wikidata
MedverkandeJelena Drapeko, Olga Ostroumova, Irina Sjevtsjuk, Irina Dolganova, Jekaterina Markova, Andrej Leonidovitsj Martynov, Igor Kostolevskij, Kirill Stoljarov Sjå dette på Wikidata
MusikkKirill Moltsjanov Sjå dette på Wikidata
SjeffotografVjatsjeslav Sjumski Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapGorkij filmstudio Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1972
Lengd188 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandSovjetunionen Sjå dette på Wikidata
Språkrussisk
SjangerKrigsfilmar Sjå dette på Wikidata

A zori zdes' tihkie (russisk А зори здесь тихие, engelsk The dawns here are quiet, 'Daggrya her er stille') er ein sovjetisk film frå 1972. Han vart regissert av Stanislav Rostotskij og er basert på ei barnebok av Boris Vasiljev frå 1969. Filmen var og er særs populær i Russland, og var oscarkandidaten frå Sovjetsamveldet i 1972.

Filmen handlar om ein tropp kvinnelege luftvernsoldatar og deira mannlege overordna, og handlinga gjeng føre seg i Karelen sommaren 1942 under andre verdskrigen. Filmen er i to delar, i fyrste del møter ein soldatane ved hovudkvarteret der oppgåva er å forsvare eit depot. Sett vekk frå nattlege raid frå den tyske fienden er stemninga god, og handlinga krinsar mest kring systerskapen mellom kvinnene. Mot slutten av del ein vert fem av soldatane valde ut til å leite opp og uskadleggjere to tyske soldatar på rekognisering. Del to handlar om dei fem kvinnene og deira mannlege overordna som kjempar mot det som syner seg å vera ein overlegen fiende i skogen. Det dei trudde var to tyske soldatar er ein tropp på 16 soldatar på sabotasjeaksjon. Ein etter ein vert kvinnene drepne, og til slutt er det berre den overordna mannen som overlever - og ber vidare minnet om hendingane i skogen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]