Aadel Brun Tschudi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aadel Brun Tschudi

Fødd29. september 1909
Taohualun
Død3. november 1980
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdegeografi
Yrkeuniversitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
EktefelleStephan Tschudi
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Aadel Marie Brun Tschudi (29. september 19093. november 1980) var ein norsk professor, geograf, sinolog og forfattar. Gjennom radioprogram og undervisning gjorde ho ein stor innsats for å spreie kunnskap om kinesisk samfunnsliv og kultur. Ho bidrog også sterkt i utforminga av disiplinen utviklingsgeografi innan geografifaget.[1][2]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Tschudi blei fødd i Kina og budde dei fyrste 15 åra på ein misjonsstasjon i Hunan. Ho tok examen artium i Fredrikstad 1927 og byrja deretter å studere filologi ved Universitetet i Oslo (UiO). I 1933 avbraut ho studia for å gifte seg, og i dei neste 14 år var ho heimeverande, samtidig som ho arbeidde som omsetjar og tok aktivt del i norsk organisasjonsliv. I 1945 blei ho vald til forkvinne i Oslo krins av Norske kvinnelige akademikeres landsforbund, og mellom 1948 og 1950 var ho forkvinne for Norske kvinneorganisasjoners samarbeidsnevnd. Frå same år kunne ein jamleg høyre den djupe og mørke stemma hennar på radioen, som utanrikskronikør, med særleg vekt på Aust-Asia.

Tschudi tok opp att studia og blei cand.philol. i 1951, med geografi hovudfag. Frå 1951 til 1952 studerte ho kinesisk ved Harvard University i USA og hadde blant anna John K. Fairbank, ein av dei mest framståande kinakjennarane i den vestlege verda, som førelesar. I 1957 føretok ho ei reise i Aust-Asia for NRK og laga eit stort antal reportasjeinnslag frå turen. I åra frå ho tok hovudfag til ho blei tilsett som universitetslektor i geografi ved UiO i 1960, blei ho flittig brukt som radiokåsør og som førelesar i Kina-kunnskap ved universitetet.

I 1970 blei Tschudi konstituert som professor i økonomisk geografi ved Handelshögskolan i Stockholm, men same år tiltredde ho eit universitetslektorat i sinologi ved Østasiatisk institutt, UiO, der ho fram til 1972 hadde ansvaret for førelesningar i kinesisk historie og geografi. Tschudi var alltid ivrig etter å involvere studentane i ein dialog.

Tschudi vende tilbake til Geografisk institutt i ei dosentstilling i 1973.[3] Her fekk ho ansvaret for å byggje ut geografifaget til å også omfatte utviklingslanda. Gjennom å kombinere innsikt i politikk, økonomi, klimaforhold og jordsmonn med vanlege geografiske metodar utforma ho disiplinen utviklingsgeografi. Frå 1967 var ho redaktør for Norsk geografisk tidsskrift. Frå 1977 var ho medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1951: Pearl Buck og misjonen
  • 1957: Japan, soloppgangens land
  • 1962–1963: Den kinesiske folkerepublikk. Sosial omveltning og økonomisk vekst, i Tidens ekko nr. 4, s. 97–128
  • 1969: Hadeland. Jordbruk og pendling (sm.m. H. Myklebost)
  • 1976: Kina og Japan (sm.m. K. Koch Christensen og Liu Baisha)
  • 1978: Development research and aid problems (sm.m. J. Hesselberg)
  • 1978: Gjensyn med Kina
  • 1978: Underutvikling og utvikling. Temaer fra et problemfelt (sm.m. R. Dale og J. Hesselberg)
  • 1980: Gammelt og nytt i Kina

Kjelder[endre | endre wikiteksten]