Aadel Lampe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aadel Lampe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. mai 1857
Død

8. september 1944 (87 år)

Yrke politikar, kvinnesaksforkjemper, lærar
Politisk parti Venstre, Frisindede Venstre
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening

Aadel Lampe (10. mai 18578. september 1944), også kjend som Aadel Knudsen, var ein norsk kvinnesaksforkjempar, lærar og liberal politikar. Ho var formann i Norsk Kvinnesaksforening frå 1922 til 1926 og vararepresentant på Stortinget i perioden 1922–1924, som ei av dei fyrste kvinnene vald til Stortinget.

Utdanning og yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Lampe tok eksamen ved Nissens Pigeskoles Høiere Skole for Voxne unge Piger (også kalla «Guvernanteskolen») i Christiania, dåtidas høgaste utdanning som var open for kvinner, og vart deretter tilsett som lærar ved Nissens Pikeskole. I dette miljøet, som bestod av dåtidas høgast utdanna kvinner i Noreg, stifta ho kjennskap med kvinnesaka. Seinare vidareutdanna ho seg som lærar for døve barn, og var tilsett som lærar ved Balchens døveskole og deretter ved Hedevig Rosings skole for døvstumme barn.[1][2] Då Hedevig Rosings skole vart lagd ned slutta Lampe som lærar og byrja å arbeide ved det såkalla «Pleiebarnskontoret», som seinare var ein del av Oslo helseråd.[1][3]

Politikk og aktivisme[endre | endre wikiteksten]

Lampe var medlem av Norsk Kvinnesaksforening frå starten i 1880-åra.[4] Ho vart styremedlem i 1895 og var viseformann i periodane 1899–1903 og 1912–1922, i formannsperiodane til statsministerfruene Fredrikke Marie Qvam og Randi Blehr. I 1922 etterfølgde ho Blehr som formann i foreininga.[1] I 1926 vart ho utnemnd til æresmedlem i foreininga i samband med at ho gjekk av som formann etter over 30 år i styret.

Lampe var opphavleg medlem av Venstre, men vart seinare aktiv i Frisindede Venstre. Ho var vararepresentant til Stortinget for Christiania i perioden 1922–1924, vald inn på felleslista til Høgre og Frisinnede Venstre ved Stortingsvalet 1921. Valet var fyrste gongen ei kvinne vart vald inn som fast representant: Karen Platou som stod framfor Lampe på den same lista i den same valkrinsen; Lampe var ein av fire kvinnelege vararepresentantar innvald det året og var dimed blant dei fyrste kvinnene vald til Stortinget.[5]

Lampe var også varamedlem av hovudstyret i Frisindede Venstre[6] og styremedlem i kvinneorganisasjonen til partiet.[7] Lampe er også kjend som medunderskrivar av eit brev til regjeringa, saman med Randi Blehr og Cecilie Thoresen Krog, som kravde at kvinner kunne verte utnemnde som embetsmenn.[8]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Foreldra til Lampe var sokneprest Claus Ernst Lampe (f. 1807) og Drude Cathrine Haar Daae (f. 1817). Ho vart gift i 1885 med statsrevisor Henrik Magnus Knudsen og var som gift kjend som Aadel Knudsen. Etter at ho vart skild brukte ho igjen namnet Lampe. Systera hennar, Dina Lampe, var gift med stortingsmannen og stadsfysikus Ole Jacob Sparre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Fru Aadel Lampe». Nylænde (trykt utg.) : tidsskrift udgivet af Norsk kvindesagsforening. 1927 Vol. 41. Foreningen. 1927. s. 148. 
  2. Daae, Aagaat (1917). Stamtavle over familien Daae i Norge. F. Bruns boghandel. s. 153. 
  3. «Døvelærer Ådel Lampe» (PDF). Ny journal for døve (2016/3): 5. Arkivert frå originalen (PDF) 16. september 2017. 
  4. «Fru Aadel Lampe 80 år idag». Dagbladet. 10. mai 1937. 
  5. Firda Folkeblad. 1. november 1921. 
  6. Ringerikes Blad. 3. juni 1924. 
  7. Aslaug Moksnes. Likestilling eller særstilling? Norsk kvinnesaksforening 1884–1913, Gyldendal Norsk Forlag, 1984, ISBN 82-05-15356-6
  8. Thordis Støren, Justitias døtre: de første kvinnelige jurister i Norge, s. 59, Oslo, Universitetsforlaget, 1984, ISBN 8200071723

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]