Aadne Ore
Utsjånad
Aadne Ore | |||
Fødd | 1916 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 1980 | ||
Yrke | fysikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Aadne Ore (1916–1980) var ein norsk fysikar fødd i Oslo. Han var bror til Øystein Ore.
Han tok doktorgraden ved Yale University i 1947, og var universitetsstipendiat i Oslo frå 1947 til 1949. Han var dosent ved Universitetet i Bergen frå 1949 og dosent ved Universitetet i Oslo frå 1953. I 1960 vart han her professor. Ore vart kjend for arbeida sine innan teoretisk fysikk, særskild for undersøkingar av positronium, ein atomær tilstand av eit elektron og eit positron, for arbeid innan strålings- og biofysikk og for oppbygginga og leiinga av avdelinga for biofysikk ved Universitetet i Oslo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Aadne Ore», Store norske leksikon, 16. februar 2012