Aage Schavland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aage Schavland
Aage Schavland (1806-1876).jpg
Fødd 6. november 1806
Strand
Død

20. mars 1876
Trondheim

Yrke politikar, prest

Aage Schavland (6. november 180620. mars 1876) var ein prest og stortingsmann fødd i Strand i Ryfylke. Foreldra var Ole Schavland og Siri Tostensdatter Høle (død 1829). Schavland var gift med Gerhardine Pauline Bergh (1817-1884). Familienavnet kjem frå garden Skavlan i Snåsa og Schavlands etterkommarar gjekk over til denne stavemåten.[1] Dottera Anne Kristine (1836-1904) var gift med embetsmannen Ludvig Daae. Sonen Sigvald var prest og diktar, sonen Olaf var litteraturhistorikar. Barnebarnet Einar Skavlan var i mange år redaktør i Dagbladet.

Schavland vart student frå Kristiansands skole i 1825 og cand. theol. i 1829. Han var så personalkapellan i Strand til han i 1834 vart sokneprest i Stranda prestegjeldSunnmøre. I tida 1844-61 var han sokneprest i Herøy på Sunnmøre, han tok over etter Hans Conrad Thoresen.[2] Frå 1861 var han residerande kapellan ved kyrkjelyden ved Domkyrkja i Trondheim.

Schavland var ordførar i Herøy 1846-49 og 1854-57, også mangeårig medlem av forlikskommisjonen. Også ordførar i Trondheim i 1865, varaordførar 1867-68. Ei tid formann i Trondhjems Arbeiderforening.

Schavland representerte Romsdals amtStortinget 1848-51 og 1857-58, samt Trondheim og Levanger 1865-69. Han var 1848, 1851, 1857 og 1865-69 medlem av protokollkomiteen, 1848 av adressekomiteen og 1865-66 av valkomiteen.

Han døydde i Trondheim i 1876.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  1. SNL: Skavlan-slekten lese på nett 23.2.13
  2. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer, s.218.