Aardalens Venner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aardalens Venner (skipa i 2006) er eit venelag som mellom anna arbeider for å halde i hevd den veglause garden Aardalen i Selje kommune. Aardalens Venner arbeider med å ta vare på hus og tun både i Aardalen og på Rydjejorda, som har vore ein plass under Aardalen. Dei tek også mål av seg til å skjøtte kulturlandskapet, og fremje bruk av plassen. Aardalens Venner står i Brønnøysundregistra med organisasjonsnummer 991 261 818. Jan Hammersvik er leiar for Aardalens Venner (2013). I 2009 vart strekninga Hoddevik - Liset, der Aardalen ligg, teke med i regjeringa sin rapport om kulturlandskap i landbruket. Området vart vald ut som eitt av 20 område i Noreg som skal takast særskilt vare på grunna særeigne kulturlandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar. I forvaltningsplanen for Hoddevik-Liset står det: Gardane i Årdal, Skårbø og Liset utgjer kvar for seg heilskapelege kulturlandskap i skiljet mellom hav og fjell. Områda er rike på tekniske strukturar, tufter og gamle bygningar. Ein del aktive grunneigarar og lag skjøttar areal og bygningar men også her er det behov for fleire beitedyr og skjøtselstiltak.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gården Årdal i Selje - en vegetasjonsøkologisk undersøkelse av kulturmark, (Masteroppgåve ved Institutt for naturforvaltning, Universitet for miljø- og biovitenskap) Anne Lise Koller, mai 2010
  • Antikvarisk vurdering av Aardalen, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturavdelinga, 22. februar 2007