Aarflots prenteverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aarflots prenteverk AS er selskapet som gjev ut avisa Møre. Prenteverket vart starta opp kring 1809 av Sivert Aarflot, på Ekset i Volda. Han nytta trykkeriet til å trykka aviser og å spreia folkeopplysing.

Bladet Norsk Landboeblad vart starta av Sivert Aarflot i 1810 og han gav det ut til 1817. Aarflot kunne gje ut bladet fordi han i 1809 fekk kongeleg privilegium for å drive prenteverk og gjeve ut eit opplysningsblad mynta på norske bønder. Dette var både det første prenteverket og den første avisa på landsbygda i Noreg og truleg det femte prenteverket i landet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]