Aarne Ervi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aarne Ervi
Aarne ervi 1961.jpg
Fødd 19. mai 1910
Forssa
Død

26. september 1977
Helsingfors

Yrke arkitekt
Aarne Ervi på Commons

Aarne Adrian Ervi, fram til 1935 Elers, (19. mai 191026. september 1977) var ein av dei mest framståande finske arkitektane etter andre verdskrigen.

Ervi fullførde arkitekturstudia sine ved Tekniska högskolan i Helsingfors i 1935. Han arbeidde ei tid saman med Alvar Aalto og Toivo Paatela før han starta sitt eige arkitektkontor i 1938. Dei meste framståande arbeida sine gjorde Ervi under attreisinga på 1940-talet og seinare på 1950-talet då bygningsindustrien ekspanderte. Ervi var ein av dei første til å ta i bruk betongelement, noko han gjorde i 1949 då han teikna Helsingfors universitet si Porthania-bygning.

Under attreisningstida teikna Ervi vasskraftverk og personalbustader for Oulujoki Oy. Det største av desse prosjekta var Pyhäkoski kraftverk med eit nærliggande bustadsområde. Ervi er kanskje mest kjent for reguleringsplanen til bydelen Hagalund i Esbo. Han vann konkurransen med forslaget sitt «Don Hertzens by». Forutan reguleringsplanen er fleire bygningar som til dømes sentraltårnet, symjehallen og kjøpesentret teikna av Ervi.

Aarne Ervi vart i det andre ekteskapet sitt gift med skodespelaren Rauni Luoma. Dei budde i Villa Ervi på Granö utanfor Helsingfors.

Arbeid av Aarne Ervi[endre | endre wikiteksten]

Oulujoki Oy[endre | endre wikiteksten]

  • 1942–1951 – Pyhäkoski kraftverk med Leppiniemi bustadsområde i Muhos kommune
  • 1946–1950 – Jylhämä kraftverk med bustadsområdei Vaala kommune
  • 1946–1950 – Nuojua kraftverk med bustadsområde i Vaala
  • 1949–1954 – Pälli kraftverk med bustadsområde i Muhos
  • 1951 – Montta kraftverk i Muhos

Hagalund[endre | endre wikiteksten]

  • 1954 – Reguleringsplan for Hagalund
  • 1959–1961 – Kjøpesenter
  • 1961 – Sentraltårnet
  • 1962 – Sentralbassenget
  • 1965 – Hagalunds symjehall

Andre arbeid[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]