Aaron Klug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aaron Klug

Fødd11. august 1926
Želva
Død20. november 2018
Cambridge
NasjonalitetStorbritannia
Områdekjemi, biokjemi
Yrkebiokjemikar, molekylærbiolog, universitetslærar, kjemikar, biofysiker
InstitusjonarBirkbeck, University of London
Alma materPeterhouse
Universitetet i Cape Town
Trinity College i Cambridge
Universitetet i Witwatersrand
University of Cambridge
DoktorgradsrettleiarDouglas Hartree
MedlemRoyal Society
Det franske vitskapsakademiet
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Royal Microscopical Society
Academia Europaea

Nobelprisen
Nobelprisen i kjemi
1982

Aaron Klug (11. august 192620. november 2018) var ein litauiskfødd[1] britisk kjemikar og biolog. I 1982 vart han tildelt Nobelprisen i kjemi. Han fekk prisen for arbeidet sitt med utvikling av elektronmikroskop og den strukturelle forklaringa si av biologisk viktige nukleinsyreprotein.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Klug vart fødd i Želva i Litauen. Foreldra var jødiske og heitte Lazar og Bella (fødd Silin) Klug. Saman med foreldra sine flytta han til Sør-Afrika då han var to år gammal.

Han vart sterkt fascinert av boka Mikrobejegerane av Paul de Kruif. Han studerte medisin ved University of Witwatersrand i Johannesburg; han var særleg oppteken av kjemi, matematikk og fysikk. Så gjekk han vidare med krystallografi ved University of Cape Town. Han skreiv diplomarbeidet sitt under R. W. James om røntgenstrukturundersøkingar på krystall.

Etter studia i Sør-Afrika flytta han til England og fullførte doktorgraden sin ved Trinity College, Cambridge i 1953.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Han gjekk vidare til Birkbeck College ved University of London på slutten av 1953. I London arbeidde han saman med Rosalind Franklin ved John Bernals laboratorium. Dette arbeidet vekte ei livslang interesse for studium av virus og i denne perioden oppdaga han strukturen til tobakkmosaikkviruset. I 1962 byrja han ved det nyoppretta MRC Laboratory of Molecular Biology i Cambridge. I løpet av det neste tiåret nytta Klug metodar som røntgenkrystallografi, mikroskop og strukturmodellar til å utvikla eit elektronmikroskop. Dette mikroskopet dannar ein sekvens med todimensjonale bilete av krystall teke frå ulike vinklar for å danna tredimensjonale bilete av objektet.

Han mottok Louisa Gross Horwitz Prize av Columbia University i 1981. Frå 1986 til 1996 var han direktør ved Laboratory of Molecular Biology i Cambridge. Han vart slegen til riddar av dronning Elizabeth II i 1988.[1] Han vart utnemnd til president av Royal Society og virka frå 1995 til 2000. Han vart tildelt Order of Merit i 1995 – dette er skikken for presidentane av Royal Society. [treng kjelde] Han var òg medlem av det vitskaplege styret ved Scripps Research Institute.

I 2005 vart han tildelt den sørafrikanske Mapungubwe-ordenen i gull for sine bidrag innanfor medisinsk forsking.[3]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Aaron Klug (1926-)». Jewish Virtual Library. Henta 11. mars 2010. 
  2. «Nobelprisen i kjemi 1982». Nobelstiftelsen. 18. oktober 1982. Henta 1. januar 2020. 
  3. «National Orders awards 27. september 2005». State of South Africa. 29. september 2005. Arkivert frå originalen 30. september 2007. Henta 11. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]