Aasbjørn Slettemark
| Aasbjørn Slettemark | |
![]() | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 3. november 1890 |
| Død |
14. mai 1919 (28 år) |
| Yrke | lyrikar |
Aasbjørn Slettemark (3. november 1890–14. mai 1919) var ein norsk lærar og forfattar.
Slettemark var frå Naustdal kommune. Han gjekk på Sunnfjord ungdomsskule 1906-1907, tok artium ved Hauges Minde i Oslo 1911 og tok til å studera filologi i 1912. Men han vart sjuk, han lei av pleuritt, og måtte gje opp studiet. I staden tok han ein tilleggsprøve ved Elverum lærerskole, slik at han kunne undervise. Han arbeidde som lærar ved folkehøgskulane i Vefsn og i Gudbrandsdalen.
Slettemark skreiv mellom anna dikt og noveller, trykt i Norsk Barneblad og Unglyden. Men lungesjukdommen førte til hol på ei blodåre i lunga, og han døydde heime i Naustdal, berre vel 27 år gamal.
Noko av det han skreiv vart samla av Julius Gjermundstad og gjeve ut i bokform i 1931. Han var også ein habil kunstmålar og felespelar.
Aasbjørn Slettemark var onkel til den seinare så kjende kunstnaren Kjartan Slettemark.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 1931 – Ei samling av dikti, brevi og forteljingane hans (Sandane: Eige forlag) I fulltekst ved nb.no [Samla og utgjeve ved Julius Gjermundstad]
