Åse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Aase)
Sjå òg Åse i Andøy.

Åse og Aase er både førenamn og etternamn.

Dei er best kjende som kvinnenamn av norrønt opphav, kortformer av namn som byrjar på Ås- eller ei sideform av Åsa. Desse namna høyrer til den dansk-norske tradisjonen medan Åsa er meir brukt i svensk. Åse har namnedag 2. mai.

Etternamnet er ei dativform av ås.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namna var blant dei ti mest brukte namna frå 1920-talet, og blei fram til 1940 gjeve til 1 % av alle jentebarn.

Det er nær 11 900 nordmenn som heiter Åse og 5 500 som heiter Aase. Som etternamn er Aase det mest brukte av dei to skrivemåtane, med rundt 2 400 namneberarar (SSB 2005).

Namnet i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Mor Aase, mor til Peer Gynt, er truleg den mest kjende namneberaren i norsk kultur. Åse Gåsepike er namnet på ei heltinne i eit norsk folkeeventyr.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]