Aase Lionæs
Aase Lionæs | |
![]() | |
Fødd | 10. april 1907 Oslo |
Død | |
Yrke | politikar |
Aase Lionæs på Commons |
Aase Wind Lionæs (10. april 1907–2. januar 1999) var ein norsk økonom og mangeårig stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Gjennom 31 år var ho medlem av Nobelkomiteen, der ho siste tiåret var leiar.
Lionæs var dotter av ein bokhandlar i Oslo. Ho fullførte økonomisk utdanning i 1930, sidan hadde ho eit studieår på London School of Economics. Lionæs underviste i økonomi på vaksenopplæringskurs i Oslo, heilt til ho vart vald inn på Stortinget i 1953.
Periodane 1934-37 og 1945-47 var Lionæs medlem av Oslo bystyre. Ho var ein leiande likestillingspolitikar i Arbeidarpartiet, mellom anna som formann for kvinnesekretariatet i partiet 1945-53 og redaktør i Arbeiderkvinnen. Åra 1948-51 var ho formann i Redd Barna.
Lionæs var stortingsrepresentant frå 1954 til 1977, fyrste perioden som fast møtande vararepresentant. På Stortinget arbeidde ho mellom anna for liberalisering av abortlova, og ho fremja forslag om at kvinnelege prestar skulle verte tillate i statskyrkja. Ho var den fyrste kvinna som var medlem i Finanskomiteen og leiar i same, og ho var den fyrste kvinna i Stortinget sin presidentskap.
Lionæs var medlem av Nobelkomiteen frå 1. januar 1948 til 31. desember 1978. Ho var leiar av komiteen 1968–78. Som leiar var ho ein pådrivar for å tildele Nobels fredspris til Henry Kissinger og Le Duc Tho i 1973, noko som sprengde komiteen då to av dei fem komitemedlemene trekte seg i protest. Også då Menachem Begin og Anwar Sadat fekk prisen i 1978, hennar siste år i komiteen, skal ho ha spela ei viktig rolle for utfallet.
Lionæs var 1972-76 formann i hovudstyret for Folketrygdfondet. Ho var òg den fyrste leiaren av Den Norske Helsingforskomitéen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Aase Lionæs» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2015.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1907
- Døde i 1999
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Stortingsrepresentantar 1958-1961
- Stortingsrepresentantar 1961-1965
- Stortingsrepresentantar 1965-1969
- Stortingsrepresentantar 1969-1973
- Stortingsrepresentantar 1973-1977
- Leiarar av Den Norske Nobelkomite
- Folk frå Oslo
- Norske abortforkjemparar