Aase Lionæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aase Lionæs

Fødd10. april 1907
Oslo
Død2. januar 1999 (91 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, samfunnsøkonom
Utdanna vedLondon School of Economics
Universitetet i Oslo
MedlemEuroparådets parlamentarikerforsamling
Den Norske Nobelkomite
Alle verv

Aase Wind Lionæs (10. april 19072. januar 1999) var ein norsk økonom og mangeårig stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Gjennom 31 år var ho medlem av Nobelkomiteen, der ho siste tiåret var leiar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Lionæs var dotter av ein bokhandlar i Oslo. Ho fullførte økonomisk utdanning i 1930, sidan hadde ho eit studieår på London School of Economics. Lionæs underviste i økonomi på vaksenopplæringskurs i Oslo, heilt til ho vart vald inn på Stortinget i 1953.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Periodane 1934-37 og 1945-47 var Lionæs medlem av Oslo bystyre. Ho var ein leiande likestillingspolitikar i Arbeidarpartiet, mellom anna som formann for kvinnesekretariatet i partiet frå 1945 til 1953 og redaktør i Arbeiderkvinnen.

Lionæs var stortingsrepresentant frå 1954 til 1977, fyrste perioden som fast møtande vararepresentant. På Stortinget arbeidde ho mellom anna for liberalisering av abortlova, og ho fremja forslag om at kvinnelege prestar skulle verte tillate i statskyrkja. Ho var den fyrste kvinna som var medlem i Finanskomiteen og leiar i same, og ho var den fyrste kvinna i Stortinget sin presidentskap.

Andre verv[endre | endre wikiteksten]

Lionæs var ho formann Redd Barna frå 1948 til 1951. Ho var òg medlem av Nobelkomiteen frå 1. januar 1948 til 31. desember 1978. Ho var leiar av komiteen 1968–78. Som leiar var ho ein pådrivar for å tildele Nobels fredspris til Henry Kissinger og Le Duc Tho i 1973, noko som sprengde komiteen då to av dei fem komitemedlemene trekte seg i protest. Også då Menachem Begin og Anwar Sadat fekk prisen i 1978, hennar siste år i komiteen, skal ho ha spela ei viktig rolle for utfallet.

Lionæs var frå 1972 til 1976 formann i hovudstyret for Folketrygdfondet. Ho var òg den fyrste leiaren av Den Norske Helsingforskomitéen. Ho var med på å grunnlegge Venner av Israel i Norsk Arbeidarrørsle (VINA).[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]