Aaset søndre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aaset søndre er eit gardsanlegg i Åmot i Hedmark som ligg i det skå terrenget ned mot elva Åsta i sør og Glomma i aust. Gardsanlegget har ei lang historie som fortel om skogbruksverksemd og storgardsmiljø i Midt- og Sør-Østerdalen. I skriftlege kjelder kan ein følgje Aaset søndre tilbake til skattemanntallet «Gjengjerden» frå 1528.

Aaset søndre vart freda av Riksantikvaren i 2014. Fredinga omfattar hovudbygningen frå 1800-talet, loftsbygningen frå 1700-talet og stabburet i tre etasjar, i tillegg til eit område rundt garden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Aaset søndre i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren