Abakanfjella
Hopp til navigering
Hopp til søk
Abakanfjella | |||
fjell | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Abakanfjella |
Abakanfjella (russisk Абаканский хребет, Abakanskij khrebet) er ei fjellkjede av metamorfe bergartar sørvest i Sibir i Russland.[1] Ho er 300 km lang og opp til 1984 meter over havet på det høgaste. Fjella er stort sett dekte av taiga opp til 1500 meter over havet, og over dette fjelltundra.
Fjellkjeda er den sørlege grensa til Kuznetsksenkinga der Kuznetskbekkenet i Kemerovo oblast ligg.[2] Fjellkjeda er del av vasskiljet mellom elvane Abakan, Tom og Lebed. Ho er ei sørleg forlenging av Altajfjella og Kuznetsk Alatau.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Store Norske Leksikon - Abakan – fjellkjede i Sibir, besøkt 28. januar 2019.
- ↑ Cram101 Textbook - World Regional Geography Arkivert 29. januar 2019 på Wayback Machine. (Google Books), besøkt 28. januar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Abakan Range» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2008.