Abba Kovner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abba Kovner

Statsborgarskap Israel
Fødd 14. mars 1918
Sevastopol, Ašmiany
Død

25. september 1987 (69 år)
Ein HaHoresh

Yrke skribent, lyrikar, offiser
Medlem av Fareynigte Partizaner Organizatsye
Religion Jødedommen
Ektefelle Vitka Kempner
Abba Kovner på Commons
Abba Kovner

Abba Kovner (19181987) var ein litauisk jødisk diktar og skribent som for det meste skreiv på hebraisk. Han vart òg ein partisanleiar under andre verdskrigen. Han var søskenbarn med den israelske kommunistleiaren Meir Vilner.

Kovner vart fødd i SevastopolKrim, men flytta så med familien sin til Vilne, som då låg i Polen. Han vart aktiv medlem i den sosialistiske og sionistiske ungdomsrørsla Hashomer Hatzair.

I juni 1941 kom det nazi-tyske åtaket og okkupasjonen, og Vilne-ghettoen vart etablert. Abba Kovner kom snart til at ei motstandsgruppe måtte skipast. Han var ein av leiarane i partisangruppa Fareynigte Partizaner Organizatsye (FPO), og leidde mellom anna åtak på tyske mål frå skogane rundt Vilne. Han har òg vorte skulda for valdshandlingar mot polske og litauiske sivile.

Etter at Vilne vart frigjort frå nazistane av den sovjetiske Raude Arméen, var Kovner aktiv i å hjelpe jødar til Palestina. Dit fór han sjølv òg, og han deltok i den israelske sjølvstendekrigen.

I 1970 fekk Kovner «israelprisen» i litteratur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]