Abdel Fattah al-Sisi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Abdel Fattah al-Sisi
AbdelFattah Elsisi.jpg
Fødd19. november 1954 (65 år)
Kairo
Statsborgar avEgypt
Partipartilaus
Yrkepolitikar, militær
Utdanna vedEgypts militærakademi
EktefelleEntissar Amer
BarnMahmoud el-Sisi
VervPresident av Egypt 8. juni 2014-
FøregangarʿAdlī Manṣūr
VervForsvars- og militærproduksjonsminister[1] 12. august 2012–26. mars 2014
VervForsvarsjef i Egypt 12. august 2012–26. mars 2014
FøregangarMohamed Hussein Tantawi

Abdel Fattah Saeed Hussein Khalil al-Sisi (fødd 19. november 1954) er ein egyptisk general og president i landet sidan 2014. Han er mest kjend for å vera mannen som stod bak kuppet 3. juli 2013.

Al-Sisi studerte ved militærakademiet i 1977.

I 2011, etter protestane som førte til at president Hosni Mubarak gjekk av, blei Al-Sisi utpeikt av den nye islamistiske presidenten Mohammed Mursi som leiar for den militære etterretninga. 5. august 2012 blei han også utpeikt som forsvarsminister.

Under nye folkelege protestar i juni-juli 2013 mot styret til den nye president Mohammed Mursi, gav al-Sisi presidenten, som var upopulær i store delar av befolkninga, 2. juli ein tidsfrist på 48 timar for å finna ei løysing. Viss ikkje kom militæret til å gripa inn for å få fjerna han. Mursi ignorerte dette, og 4. juli fekk Al-Sisi avsett presidenten. Al-Sisi blei president i Egypt 8. juni 2014.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Abdel Fattah al Sisi: New commander of the armed forces». Egypt Independent. Henta 7. oktober 2012. 
  2. Ny president teken i eid, nrk.no, 8. juni 2014