Abdulrazak Gurnah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abdulrazak Gurnah
Gurnah 2022.JPG
Fødd 20. desember 1948 (74 år)
Zanzibar
Yrke romanforfattar, universitetslærar, prosaforfatter, skribent, redaktør
Sjanger prosa
Abdulrazak Gurnah på Commons

Abdulrazak Gurnah (fødd 20. desember 1948) er ein tanzaniansk-britisk forfattar som skriv på engelsk. Han vann Nobelprisen i litteratur 2021 for «att kompromisslöst och med stor medkänsla ha genomlyst kolonialismens verkningar och flyktingens öde i klyftan mellan kulturer och kontinenter».[1]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Gurnah var fødd i Sultanatet Zanzibar.[2] Faren og onkelen hans var forretningsfolk som hadde flytta dit frå Jemen.[3] Etter revolusjonen i Zanzibar i 1964, som tok makta frå den arabiske eliten og seinare førte til at Zanzibar blei del av Tanzania, forlét han øya.[4]

Han var 20 år gammal då han kom til Storbritannia som flyktning i 1968. Kort tid etter byrja han å skriva.[5]

Han studerte fyrste ved Christ Church College i Canterbury, som tildelte akademiske grader frå University of London.[6] Deretter blei han student ved Universitetet i Kent, det han tok doktorgraden i litteratur med avhandlinga Criteria in the Criticism of West African Fiction i 1982.[7][2] Frå 1980 til 1982 var han førelesar ved Bayero University Kano i Nigeria.[8]

Han blei så professor i engelsk og postkolonial litteratur ved Universitetet i Kent, og blei verande i stillinga til han pensjonerte seg[4][9] i 2017. Han er no professor emeritus ved universitetet.[10]

Gurnah er busett i Canterbury,[11] og har britisk statsborgarskap.[12] Han har halde på banda til Tanzania, der han framleis har familie og der han har sagt han reiser når han kan: «I am from there. In my mind I live there.»[13]

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Gurnah har skrive fleire noveller og essay, og har til saman gjeve ut ti romanar.[14] Gurnah skriv på engelsk, sjølv om morsmålet hans er swahili.[15] Tekstane hans inneheld likevel gjerne uttrykk frå andre språk som swahili, arabisk og tysk. Han har sjølv sagt at han måtte kjempa mot forleggjarar som ønskte å markera desse orda og uttrykk med kursiv eller anglisera dei.[9] Gurnah har kritisert praksisen i britisk og amerikanske forlagsverksemd der ein «gjer det framande verka framand»[a] ved å merka «framande» ord og uttrykk med kursiv eller ha med ordforklaringar.[9]

Gurnah byrja å skriva i 20-åra grunna heimlengt. Han byrja med å skriva ned tankar i ei dagbok. Dette utvikla seg til lengre refleksjonar om eimen, og etterkvart til oppdikta historier om andre. For Gurnah blei det ein vane å bruka skriving til å forstå og nedteikna si eiga erfaring som flyktning og å bu i eksil. Desse fyrste sogene blei etterkvart til den fyrste romanen til Gurnah, Memory of Departure (1987), som han skreiv parallelt med doktorgraden sin. Boka opna ein forfattarskap der han tok for seg tema som «det varande traumet frå kolonialisme, krig og fortrenging»[b].[9] Verket til Gurnah tek ofte for seg spørsmål om utanforskap, kulturmøte og kulturkollisjonar, kolonialisme og utlegd.

Mykje av handlinga i verka til Gurnah finn stad ved kysten av Auast-Afrika,[16] og fleire av protagonistane i romanane hans er frå Zanzibar.[17]

I 2019 bidrog han til antologien Refugee Tales III, ein del av eit prosjekt drive av Gatwick Detainees Welfare Group. Denne organisasjonen verker for å synleggjera skjebnane til og gje støtte til personar tekne i forvaring med heimel i den britiske Immigration Act.[18]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Memory of Departure (1987)
  • Pilegrim's Way (1988)
  • Dottie (1990)
  • Paradise (1994)
  • Admiring Silence (1996)
  • By the Sea (2001)
  • Desertion (2005)
  • My Mother Lived on a Farm in Africa, novellesamling (2006)
  • The Last Gift (2011)
  • The Urge to Nowhere , essay (2011)
  • The Arriver's Tale, novelle (2016)
  • Gravel Heart (2017)
  • The Stateless Person's Tale,novelle (2019)
  • Afterlives (2020)

Norske omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Kari og Kjell Risvik har omsett romanane Paradis, Taushetens øy og Ved sjøen til norsk:

  • Paradis, Aschehoug 1996 – originaltittel Paradise[19]
  • Taushetens øy, Aschehoug 1999 – originaltittel: Admiring Silence[20]
  • Ved sjøen, Aschehoug 2002 – originaltittel: By the Sea

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. "make the alien seem alien"
  2. "the lingering trauma of colonialism, war and displacement"

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nobelpriset i litteratur år 2021 | Svenska Akademien». svenskaakademien.se. 8. oktober 2021. Henta 8. oktober 2021. «för att kompromisslöst och med stor medkänsla ha genomlyst kolonialismens verkningar och flyktingens öde i klyftan mellan kulturer och kontinenter» 
  2. 2,0 2,1 King, Bruce (2004). Bate, Jonathan; Burrow, Colin, red. The Oxford English Literary History 13. Oxford: Oxford University Press. s. 336. ISBN 978-0-19-957538-1. OCLC 49564874. 
  3. Sveriges Television AB, Nobel 2021: Porträtten – Litteraturprisporträttet (på svensk), henta 9. desember 2021 
  4. 4,0 4,1 Flood, Alison (7. oktober 2021). «Abdulrazak Gurnah wins the 2021 Nobel prize in literature». The Guardian (på engelsk). Arkivert frå originalen 7. oktober 2021. Henta 7 October 2021. 
  5. «Forfatter flygtede fra Zanzibar som teenager – nu modtager han én af de fornemmeste priser i verden», DR (på dansk), 7. oktober 2021, henta 10. november 2022 
  6. Hand, Felicity. «Abdulrazak Gurnah (1948–)». The Literary Encyclopedia (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 19. juni 2018. Henta 7. oktober 2021. 
  7. Erskine, Elizabeth, red. (1989). Annual Bibliography of English Language and Literature for 1986 61. W. S. Maney & Son. s. 588. ISBN 0-947623-30-2. ISSN 0066-3786. 
  8. Solomon, Barbara H.; Jr, W. Reginald Rampone (31. desember 2012). «Abdulrazak Gurnah: CAGES». An African Quilt: 24 Modern African Stories (engelsk). Penguin. ISBN 978-1-101-61744-1. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Alter, Alexandra; Marshall, Alex (7 October 2021). «Abdulrazak Gurnah Is Awarded the Nobel Prize in Literature». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Arkivert frå originalen 7 October 2021. Henta 9. oktober 2021. 
  10. Attree, Lizzy (7. oktober 2021). «Nobel Prize winner Abdulrazak Gurnah: An introduction to the man and his writing». The World. Henta 10. oktober 2021. 
  11. Shariatmadari, David (11. oktober 2021). «'I could do with more readers!' – Abdulrazak Gurnah on winning the Nobel prize for literature». The Guardian (på engelsk). Henta 11. oktober 2021. 
  12. «Can the Nobel Prize 'revitalize' African literature?» (på engelsk). Deutsche Welle. 8 October 2021. Henta 10. oktober 2021. 
  13. Awami, Sammy (9. oktober 2021). «In Tanzania, Gurnah's Nobel Prize win sparks both joy and debate». Al Jazeera. Henta 10. oktober 2021. 
  14. Johnson, Simon; Pawlak, Justyna (8. oktober 2021). «Tanzanian novelist Gurnah wins 2021 Nobel for depicting impact of colonialism, migration». Reuters (på engelsk). Henta 11. oktober 2021. 
  15. Pilling, David (8. oktober 2021). «Abdulrazak Gurnah, winner of the Nobel Prize for literature». Financial Times. 
  16. Lavery 2013, s. 118.
  17. Bosman, Sean James (26. august 2021). «Abdulrazak Gurnah». Rejection of Victimhood in Literature by Abdulrazak Gurnah, Viet Thanh Nguyen, and Luis Alberto Urrea. Brill. s. 36–72. ISBN 978-90-04-46900-6. doi:10.1163/9789004469006_003. 
  18. «Who We Are | Gatwick Detainees Welfare Group». www.gdwg.org.uk (engelsk). Henta 7. oktober 2021. 
  19. Gurnah, Abdulrazak (1996). Paradis. Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-20089-3. OCLC 1028284456. 
  20. Gurnah, Abdulrazak (1999). Taushetens øy. Oslo: Aschehoug. ISBN 82-03-20280-2. OCLC 1028284986.