Abel Antón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Abel Antón

Abel Antón Rodrigo (fødd 24. oktober 1962) er ein spansk tidlegare langdistanseløpar frå Ojoel i Soria-provinsen. Han vart europameister på 10 000 meter i 1994 og verdsmeister i maratonløping i både 1997 og 1999.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Antón deltok i dei store internasjonale meisterskapane frå 1987. I åra fram til 1993 lukkast han ikkje å blande seg inn i medaljestriden, ein åttandeplass på 5 000 meter under Sommar-OL 1992 var hans fremste prestasjon. Best i denne perioden gjorde han det i innandørs-EM 1990, der han på 3 000 meter vart andremann etter Dieter Baumann frå Tyskland.

I europameisterskapen 1994 deltok Antón fyrst på 10 000 meter, eit løp som gjekk i avventande fart. Åtte løparar var med i sluttspurten om medaljane, ein spurt Antón vann på personleg rekord 28.06,0 framom belgiaren Vincent Rousseau og tyskaren Stéphane Franke. Også 5 000-meteren ei veke seinare enda i ein hæseblæsande spurt, der Antón med 13.38,0 vart nummer tre etter Dieter Baumann (13.36,93) og briten Robert Denmark. Året etter forbetra Antón bestetida si på 10 000 meter til 27.51,3 i kvalfiseringa under Friidretts-VM, men kom likevel ikkje med i finalefeltet.

Frå 1996 satsa Antón på maratonløping, og vann Berlin maraton det året på tida 2.09.15. Året etter sigra han i Seoul maraton. Under verdsmeisterskapen 1997 i Aten vann han gullmedaljen i maraton, etter å ha slite seg laus frå tittelforsvararen Martín Fiz. I mål skilde det fem sekundar mellom dei to spanjolane. Sommaren 1998 sprang Antón inn til triumf i London maraton på personleg bestetid 2.07.57. I 1999 vart han tredjemann i London, før han forsvarte VM-tittelen i maraton på spansk heimegrunn i Sevilla.

Han la opp i 2001.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]