Abel Kirui
Utsjånad
| Abel Kirui | |
| Statsborgarskap | Kenya |
| Fødd | 4. juni 1982 (44 år) Bomet |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 2012 |
Abel Kirui (fødd 4. juni 1982) er ein langdistanseløpar frå Kenya som vart verdsmeister i maratonløping både i 2009 og 2011, i 2012 tok han OL-sølv på distansen.
Kirui vann Wien maraton i 2008 på ny løyperekord 2.07.38. Den 22. august 2009 vann han gullmedaljen under verdsmeisterskapen i friidrett i Berlin på tida 2.06.54. To år seinare forsvarte han VM-tittelen då verdsmeisterskapen 2011 fann stad i Daegu i Sør-Korea. Under dei olympiske leikane i London i 2012 måtte Kirui sjå seg slått av Stephen Kiprotich frå Uganda. Hausten 2016 sprang Kirui inn til siger i Chicago maraton på tida 2.11.23.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Abel Kirui» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2019.
