Abel Tasman
Utsjånad
Abel Tasman | |||
![]() | |||
Fødd | 1603 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lutjegast | ||
Død | 10. oktober 1659 | ||
Dødsstad | Jakarta |
Abel Janzoon Tasman (1603–10. oktober 1659) var ein nederlandsk sjøfarar og oppdagar frå Lutjegast.[1]
Tasman var frå 1633 i teneste hos Det nederlandske austindiakompaniet, som hadde hovudkontor i Batavia. Han er mest kjent for at han i 1642 og 1644 leia to ekspedisjonar sendt ut av generalguvernør Anthony van Diemen. Desse ekspedisjonane nådde det nordvestlege Australia, Tasmania, New Zealand, Tonga og Fiji. Fleire av desse stadene har fått namn av Tasman.[1]
Frå 1653 dreiv Tasman eigen handel langs kysten av Java. Han døydde i Batavia.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Abel Tasman» i Store norske leksikon, snl.no.. Fri ombruk.