Abel Tasman Coast Track

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ei hengebru over ei elv i Abel Tasman Coast Track.
Ei av mange strender langs Abel Tasman Coast Track

Abel Tasman Coast Track er ei 51 kilometer lang fotturrute i nasjonalparken Abel Tasman National ParkNew Zealand. Ho ligg langs kysten, og strekkjer seg frå Marahau i i sør til Wainui i nord, med mange sidestiar. Ho er den eine av to hovudruter gjennom nasjonalparken, den andre er Abel Tasman Inland Track, som er 38 km lang, og går mellom Tinline Bay og Torrent Bay innanfor kystruta. Ruta er godt skjerma, og med mildvêr til alle årstider, er ho tilgjengeleg og open heile året.

Etter som denne ruta er ei av New Zealand Department of Conservation (DOC) sine Great Walks, er stien langs kysten godt utforma og lett å følgja. Ho er den mest populære turruta på New Zealand, og tek mot om lag 200 000 menneske årleg. Turen kan takast individuelt, eller med kommersielle aktørar som tek seg av omvising, leirplassar, overnatting og båttransport. Langs denne verna kystlinja, kombinerer også mange reisande fottur og havkajakk.

Å gå heile ruta på 51 km tek frå 3 til 5 dagar[1]. Dagsturar er også populære, sidan ein mange stadar kan nå fram til sporet med båt frå strender langs ruta. Kommersielle båttaxiar og andre båtoperatørar sørgjer for hente- og bringetenester. For turgåarar med avgrensa tid, er ein av dei mest populære seksjonane av turen å gå frå Bark Bay til Torrent Bay (eller motsett), ein lengde på 7,8 kilometer, som omfattar nokre bratte stiar, vakker utsikt over sjøen og ei kryssing over Falls River på ei 47 m svingbru.

For å overnatta i nasjonalparken må tilreisande bruka offentleg godkjende overnattingsstadar. Dei som reiser på eiga hand og brukar DOC sine hytter og leirstadar, må reservera desse på førehand i dei mest populære månadane. Kommersielle aktørar brukar private landområde innanfor grensene til nasjonalparken, og sørgjer for overnatting i hytter. Overnatting for ryggsekkturistar finn stad på båtar som er ankra opp langs kysten til nasjonalparken.

Då dette området er eit av dei med størst skilnad på flod og fjøre på New Zealand, inneheld kystruta nokre kryssingar som berre kan finna stad ved lågvatn. Reisande til fots eller med kajakk må skaffa seg informasjon om flod og fjøre i området før dei legg ut på turen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «Great Walks. Abel Tasman Coast Track» (PDF). DOC. Henta 25. mai 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]