Abelmoskus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Abelmoskus
Abelmoskus
Abelmoskus
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Kattostfamilien Malvaceae
Underfamilie: Malvoideae
Stamme: Hibisceae
Slekt: Abelmoskusslekta Abelmoschus
Art: Abelmoskus A. moschatus
Vitskapleg namn
Abelmoschus moschatus

Abelmoskus (Abelmoschus moschatus) er ein plante i abelmoskusslekta i kattostfamilien (Malvaceae). Han stammar frå Asia og Oseania, der han mellom anna veks i fjell og åsar i Sør-Asia, Søraust-Asia, Australia[1] og i sørlege og vestlege Kina.[2]

Han blir dyrka i tropiske og subtropiske strøk over store delar av verda, som prydplante og for bruk til mat og medisin. Planten kan også tola noko kulde, og er oppført i hardførheitssone 8-10 etter USDA sin standard (dvs. ned til -9°C).

Blomane kan bli opptil 10 cm i diameter. Dei er oftast gule med rosa midtparti.[3]

Frøa har ei muskaktig lukt. Dei blir kalla bisam- eller moskuskorn, og er blitt brukt til medisin.[3] Frø, røter og blad blir framleis brukt innan ayurveda.[4]

Frøa kan tilsetjast kaffi. Umogne frukter, blad og nye skot brukast etast som grønsaker.

Frøa kan også brukast som tilsetjing til tobakk og parfyme. Også blomane er blitt tilsette tobakk.

Slimstoffet frå røtene er blitt brukt i papirmaking.

Tidlegare latinske namn på planten er mellom anna Hibiscus abelmoschus og Hibiscus moschatus. Engelske namn er abelmosk, ambrette seeds, annual hibiscus, Bamia Moschata, Galu Gasturi, muskdana, musk mallow, musk okra,[1] musk seeds, ornamental okra, rose mallow seeds, tropical jewel hibiscus og Yorka okra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Taxon: Abelmoschus moschatus Medik.», U.S. National Plant Germplasm System 
  2. «The Plant List: A Working List of All Plant Species». Henta June 14, 2014. 
  3. 3,0 3,1 «Abelmoskus» (20. desember 2013) i Store norske leksikon, snl.no.
  4. L. D. Kapoor (2000). Handbook of Ayurvedic Medicinal Plants: Herbal Reference Library. Taylor & Francis.