Abens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Abens ved Abensberg

Abens er ei lita elv i Oberbayern og Niederbayern, og ei av sideelvane til Donau. Ho har sitt utspring nær landsbyen Abens i Freising og har ei lengd på 76 km. I den øvre delen renn Abens forbi åslandskapet Hallertau. Den største sideelva hennar er Ilm, som opphavleg var ei sideelv til Donau, men som etter kunstig regulering var ei sideelv til Abens i staden. Abens renn forbi byane Mainburg, Elsendorf, Siegenburg, Biburg, Abensberg og Bad Gögging.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]