Aberdeenshire
| Aberdeenshire | |||
| Aiberdeenshire Siorrachd Obar Dheathain | |||
| region | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Konstituerande land | |||
| Adm.senter | Aberdeen | ||
| Areal | 6 312,5814 km² | ||
| Folketal | 261 210 (2019)[1] | ||
![]() Aberdeenshire 57°09′04″N 2°07′23″W / 57.151°N 2.123°W | |||
| Wikimedia Commons: Aberdeenshire | |||
Aberdeenshire (låglandsskotsk Cooncil o Aiberdeenshire, skotsk-gælisk Siorrachd Obar Dheathain) er ein av 32 sameinte regionar i Skottland.
Dagens Aberdeenshire er ikkje medrekna City of Aberdeen, som i dag er ein eigen region, som han har fått namnet frå. I lag omfattar den moderne regionen og byen det historiske Aberdeenshire, eit av grevskapa i Skottland som tidlegare var ei administrativ eining. Det gamle grevskapet, utanom City of Aberdeen, er i dag eit statthaldarskap. Statthaldarskapet grensar til statthaldarskapet Banffshire, Inverness-shire, Perthshire, Angus og Kincardineshire.
Aberdeenshire rådforsamling held til i Woodhill House i Aberdeen; det einaste skotske regionsrådet som har sete utanfor grensene til regionen. Aberdeenshire grensar til Angus og Perth and Kinross i sør og Highland og Moray i vest. I nord og aust ligg Nordsjøen.
Sommarresidensen til den britiske monarken, Balmoral Castle, ligg i Aberdeenshire.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aberdeenshire» frå Wikipedia på engelsk, den 2. desember 2009.
