Abid Raja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abid Raja
Abid Raja (Venstres landsmøte 2018).jpg
Fødd5. november 1975 (47 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkeadvokat, politikar, forfattar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
University of Oxford
VervNorsk kultur- og likestillingsminister 24. januar 2020–14. oktober 2021

Abid Qayyum Raja (fødd 5. november 1975 på Ullevål i Oslo) er ein norsk-pakistansk advokat, diplomat, samfunnsdebattant og stortingspolitikar for Venstre. Han var på andreplass på Akershus Venstres liste for stortingsvalet 2009, og blei etter valet vararepresentant på Stortinget. I stortingsvalet 2013, 2017 og 2021 blei Raja innvald frå Akershus. Frå 24. januar 2020 til 14. oktober 2021 var han kultur- og likestillingsminister i regjeringa Solberg.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Abid Raja gjekk på Foss vidaregåande skule. Han tok mellomfag i kriminologi i 2001 og studerte menneskerettar og åtferdsvitskap i jus ved University of Southampton same året. I 2002 tok han juridisk embetseksamen og tok i 2004 mastergrad i forskingsmetodikk innan psykologi ved Oxford Brookes University.

I studietida jobba Raja deltid som studierettleiar ved Universitetet i Oslo, der han også underviste i studieteknikk. Han starta juristkarrieren med praktikantopphald hjå advokatfirmaa Schjødt, Kvale & co og Wikborg Rein mellom 2000 og 2002. Deretter blei han advokatfullmektig hos advokatfirmaet Almestad 2002–05, og har etter det vore tilsett som advokatfullmektig og advokat hos Hestenes og Dramer. Hans arbeidsområde har vore strafferett, prosess, fast eigedom og kontraktsrett.

I oktober 2008 slutta Raja som forsvarsadvokat og tok til i ny jobb som nemndleiar i Utlendingsnemnda.[1] Frå oktober 2011 har Raja permisjon frå UNE til å vikariera som politiadvokat ved Politiets utlendingseining.

I april 2008 gav Raja ut sin sjølvbiografi med tittelen «Talsmann», der han tek opp kulturelle og religiøse dilemma som religiøs fundamentalisme, rasisme, arrangerte ekteskap, undertrykking av kvinner, barneoppdraging, norskopplæring og utfordringane som knyter seg til det å vera muslim i Vesten. Boka har vorte rosa av kritikarane,[2] og gjev innsyn i ein tokulturell kvardag. I 2010 gav han ut boka «Dialog - om vold, undertrykkelse og ekstremisme». «Dialog» blei omtalt som «ei bragd» av Dagsavisen i si bokmelding, og ho fekk terningkast 5 i VG.

Politikk og samfunnsengasjement[endre | endre wikiteksten]

På dialogmøte om hat på Litteraturhuset i Oslo, 22.03.09.
Foto: Bjørn Erik Pedersen.

Raja er elles kjend som ein ivrig samfunnsdebattant som har delteke i fleire debattprogram både på TV, radio og i pressa sidan slutten av 90-talet. Han har særleg vore aktiv i debattar relatert til innvandring, integrering, krim, justis og utdanning, oftast som talsmann for det norsk-pakistanske miljøet. Han debuterte som «offentleg» samfunnsdebattant i mai 1999 i Per Ståle Lønnings debattprogram SentrumTV 2. Tema var rasisme og innvandringspolitikk og motdebattant var FrP-leiar Carl I. Hagen. Raja gjekk til frontalåtak på Hagen og klaga han ope for å skapa rasisme og framandhat i det norske folket. Videre klaga han Hagen for å «la framståande partifeller framsetja dei utrulegaste påstandar om innvandring og innvandrarar, medan han sjølv blei ståande med reine hender og kunne ta avstand frå dei verste skuldingane».[3]

I 2000 markerte han seg i debatten om bønerop i Oslo, då som representant for World Islamic Mission.[4] Han blei i første halvdelen av 2000-talet kjend for standpunkt som at norske muslimar burde sverja ved Koranen i rettssalen, at det var stor skilnad på arrangert giftarmål og tvangsekteskap og at Noreg bure byggja skule i Pakistan.

I sjølvbiografien Talsmann;; fortel han om seg sjølv at han var relativt konservativ i samfunnsspørsmål dei første åra som samfunnsdebattant, men at han hadde fått ei meir liberal haldning etterkvart. Denne dreiinga i liberal retning førte til kritikk frå enkelte i det norsk-pakistanske miljøet om at han har blitt «for norsk».[5]

Den 18. november 2008 vann han ei kampvotering mot Inge Solli om andreplassen på Akershus Venstres liste for stortingsvalet. Andreplassen på lista blei rekna av Venstre som ein kampplass med reell sjanse til å koma inn på Stortinget, men dette blei ikkje tilfellet og Raja blei vararepresentant. Raja fekk imidlertid møtetid på tinget og har vore med på å setja storting både i 2009 og 2010.

Ved stortingsvalet i 2013 blei Raja innvald frå Akershus som representant for Venstre. I 2018 blei han vald av landsmøtet til Venstre som medlem av landsstyret til partiet.[6]

Verv[endre | endre wikiteksten]

Han var medlem av Senter mot etnisk diskriminering 1997–98, og av Kontaktutvalget mellom Innvandrere og Norske Myndigheter i 1998–02, samt Utlendingsnemnda i 2002–03. Han har sidan 2002 vore medlem av Det kriminalitetsforebyggende råd. Han er også medlem av Den Norske Advokatforening og Forsvarergruppen. Hausten 2009 blei han vald inn i sentralstyret i Europarørsla. Han er også medlem av Likestillingsnemnda.

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Saman med Bushra Ishaq vart Abid Raja tildelt Fritt Ords pris for 2010. Raja fekk prisen «for å ha skapt arenaer for dialogmøte med tema som er viktige i det offentlege ordskiftet. Han har vore ein energisk debattant i ei konfliktfylt tid.» [7] I 2021 vart han tildelt Bokhandlarprisen for sjølvbiografien Min skyld. En historie om frigjøring.[8]


Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Raja slutter som advokat». DN.no. 27. juni 2008. Henta 18. november 2008. 
  2. «En norsk pakistaner finner sin vei», bokmelding av Talsmann, av Ulf Andenæs i Aftenposten, 19. april 2008
  3. «Rasisme i sentrum», artikkel i avisa Dagbladet 4. mai 1999
  4. Artikkel om bønnerop frå avisa Dagbladet, 22. januar 2000
  5. «Ingen kokosnøtt», artikkel om Abid Raja i avisa Dagbladet, 21. april 2008
  6. «Folkevalgte i Venstre». Venstre. Henta 29. april 2018. 
  7. Fritt-ord.no: Fritt Ords pris, arkivert frå originalen 2010-11-24, henta 7. oktober 2013 
  8. «Abid Raja får Bokhandlerprisen for boka «Min skyld»». 23. november 2021. Henta 23. november 2021.