Abort-motstandernes liste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Abortmotstandernes liste)
Hopp til navigering Hopp til søk

Abort-motstandernes liste er eit politisk parti som stilte til val i 7 fylke ved stortingsvalet 2005. Partiet si einaste sak var kamp for å totalforby abort.

Toppkandidatane i alle fylka var dei kjenda abortmotstandarprestane Ludvig Nessa og Børre Knudsen. Ein annan kjend abortprest, Per Kørner, stod på Abort-motstandernes liste i nokre fylke og Kristent Samlingsparti si liste i andre. Ivar Kristianslund, tidlegare formann i Kristent Samlingsparti, stod på tredjeplass på abormotstandarlista i alle fylke der ho stilte. Alle som stod på listene var menn, ikkje ei einaste var kvinne. Abortmotstandarane skapte reaksjonar i valkampen, då dei sende plastmodellar av foster saman med bilete av blodige, aborterte foster til tilfeldige veljarar som valkampmateriell. [1]

Abort-mostandernes liste fekk 1 934 røyster, noko som utgjorde 0,07 % av røystene ved stortingsvalet. Ingen representantar vart valde inn på Stortinget. Resultata deira i einskilde fylke var:


Kjelder[endre | endre wikiteksten]