Aboud Jumbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aboud Jumbe
Fødd14. juni 1920
Juba
Død14. august 2016 (96 år)
Statsborgar avTanzania
PartiAfro-Shirazi Party, Chama cha Mapinduzi
Yrkepolitikar
VervPresident på Zanzibar 7. april 1972–30. januar 1984
FøregangarAbeid Karume
EtterfylgjarAli Hassan Mwinyi
VervVisepresident i Tanzania 7. april 1972–30. januar 1984
FøregangarAbeid Karume
EtterfylgjarAli Hassan Mwinyi

Mwinyi Aboud Jumbe (14. juni 192014. august 2016) var ein tanzaniansk politikar frå Zanzibar som var president på Zanzibar og visepresident i Tanzania samstundes frå 1972 til 1984. Han tok over båe desse rollene etter at forgjengaren hans Abeid Karume vart myrda 7. april 1972.

Jumbe vart opphavleg vald inn i Revolusjonsrådet på Zanzibar for Afro-Shirazi Party (ASP). Mens han styrte vart dette partiet slege saman med det leiande partiet i Fastlands-Tanzania, Tanganyika African National Union (TANU), til det nye partiet Chama cha Mapinduzi (CCM), og Jumbe vart nestleiar i CCM etter samanslutninga.[1]

I 1979 innførte Jumbe den fyrste konstitusjonen for Zanzibar sidan revolusjonen i 1964. Konstitusjonen innførte ålmenn røysterett og fylgde maktfordelingsprinsippet, og gjorde at presidenten ikkje lenger vart vald av revolusjonsrådet, men direkte av folket.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Joseph Oloka-Onyango og Maria Nassali (red.) (oktober 2003). Constitutionalism and Political Stability in Zanzibar: The Search for a New Vision. The Friedrich Ebert Stiftung, Tanzania.