Abraham Aakre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abraham Aakre
Fødd11. oktober 1874
Drangedal
Død6. oktober 1948 (73 år)
Statsborgar avNoreg
PartiNorges Socialdemokratiske Arbeiderparti, Arbeidarpartiet
Yrkepolitikar, lærar
Alle verv
  • ordførar i Halden (1919–1920)
  • ordførar i Halden (1925–1931)
  • vararepresentant til Stortinget (1925–1927)
  • vararepresentant til Stortinget (1928–1930)
  • vararepresentant til Stortinget (1931–1933)
  • stortingsrepresentant (1934–1936) Sjå dette på Wikidata

Abraham Aakre (11. oktober 18746. oktober 1948) var ein norsk skulemann og politikar fødd i Drangedal i Telemark. I perioden 1926–27 og 1934–36 representerte han Østfold og ArbeidarpartietStortinget.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Aakre utdanna seg til lærar og underviste i skulen, mellom anna i Gjerstad, fram til 1902. Sidan arbeidde han ved skular i Halden. Etter eit tiår i guteskulen gjekk han over i jenteskulen. Frå 1927 var han styrar av guteskulen, til sist skuleinspektør 1931–42 og samstundes styrar av jenteskulen. Jamsides stillingane i den offentlege skulen underviste han 1906–31 i rekning og presisjonsteikning ved den tekniske kveldsskulen og frå 1915 i song ved den høgare skulen i Halden.

Aakre engasjerte seg i politikk, såleis var han bystyremedlem samanhengande frå 1908 til og med 1931. Fram til 1919 vald for fråhaldspartiet, sidan for Arbeidarpartiet. Han var varaordførar 1913, ordførar 1920, varaordførar 1921 og ordførar 1925–31. Gjennom åra hadde han ei mengd verv, både i det offentlege og det sivile liv.

Stortingsbolken 1925–27 var han fyrste varamann frå Østfold-byane, møtte i den eigenskap i 1926 og 1927. Etter den valde representanten Karl Olafsen døydde, hadde han siste månadene fast tingplass. Gjennom stortingsvalet hausten 1933 kom han inn att på Stortinget, der han hadde sete i Justiskomiteen. I denne tida var han leiande då bynamnet Fredrikshald vart bytta ut med Halden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Karl Georg Jacobsen: Haldenbiografier II. 1975.