Abraham Duquesne-Guitton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abraham Duquesne-Guitton
Fødd 1648
Død

1724
Rochefort i Charente-Maritime

Abraham de Bellebat de Duquesne-Guitton eller Duquesne-Guiton (16481724) var ein fransk kaptein og admiral.

I 1687 segla han frå Kapp det gode håp i «L'Oiseau», med den franske ambassadøren Claude Céberet du Boullay ombord for å opprette ein fransk ambassade I kongedømet Siam.

Han fekk auge på Eendracht Land på kysten av Vest-Australia og segla opp til kysten nær Swan-elva den 4. august – dette var første gong Frankrike var i kontakt med Australia. Han skreiv at det såg særs attraktivt ut og var grønt og frodig, trass i at det var midt på vinteren.[1]

Han vart utpeikt til generalguvernør på Windward Islands (Gouverneur général des Isles du Vent) etter at han konverterte frå protestantismen til katolisismen. Han hadde dette embetet frå 1714 til 1717.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «French maritime history in WA - wait, there’s more - and it’s sensational!» (PDF). The Australian Association for Maritime History, Quarterly Newsletter 79: 3–4. June. 
  2. Pritchard, James (2004). In Search of Empire: The French in the Americas, 1670-1730. Cambridge: Cambridge University Press. s. 512. ISBN 0-521-82742-6.  f245