Abraham Heffermehl
| Abraham Heffermehl | |||
| Fødd | 12. februar 1835 Sørfold kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 18. august 1909 (74 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja | ||
| Yrke | politikar, luthersk prest | ||
| Far | Jørgen Meier Heffermehl | ||
| Verv | Ordførar i Gloppen 1866-1869 | ||
| Føregangar | Jørgen Meier Heffermehl | ||
| Etterfylgjar | Ole Josefson Hestenes | ||
| Alle verv |
| ||
Abraham Vilhelm Heffermehl (12. februar 1835–18. august 1909) var ein norsk sokneprest og politikar. Han var stortingsrepresentant for Høgre og ordførar i Gloppen. Jørgen Heffermehl var faren hans.
Heffermehl vart fødd i Sørfold i Nordland, der faren var sokneprest. Familien flytta til Gloppen i Nordfjord i midt på 1840-talet. Sjøllv vart han student 1853 og cand. theol. 1858. År 1861 vart han personalkapellan hos far sin i Gloppen, i 1867 residerande kapellan på Breim i Gloppen. Frå 1871 var han sokneprest i Hisøy i Aust-Agder, til han 1893-1908 var sokneprest i Ringsaker. Prost i Hedemarken 1897-1903.
1866 tok Heffermehl over som ordførar i Gloppen etter far sin, eit ombod han hadde fram til 1869. Også med han var prest i Hisøy var han ei tid ordførar.
Heffermehl var 2. representant for Nedenes amt på Stortinget 1889-94. Han var 1889-91 medlem av protokollkomiteen, 1892-94 formann i same. På tinget representerte han Høgre.
Heffermehl forfatta artiklar og bøker om norsk kyrkjehistorie. Han levde ugift og døydde i Kristiania i 1909.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Geistlige Møder i Norge - et Bidrag til den norske Kirkes Historie efter Reformationen til 1814, 1890
- Folkeundervisningen i Norge indtil omkring Aar 1700, 1913
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- NRK: «Ordførarar i Gloppen kommune»
- Biografisk informasjon om Abraham Heffermehl ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør