Abraham de Moivre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Måleri av Abraham de Moivre

Abraham de Moivre (26. mai 166727. november 1754) var ein fransk matematikar kjend for de Moivres formel og arbeid i normaldistribusjon og sannsynsrekning.

Han emigrerte til London etter opphevinga av det nantiske ediktet. Han vart medlem av Royal Society i 1697, og kort før han døydde òg av Det franske vitskapsakademiet. Moivre var ein nær ven av Isaac Newton og Edmond Halley. Han skreiv Doctrine of Chances i 1718, som er eit pionérverk i sannsynsrekning. Han oppdaga den normale sannsynskurva som ofte feilaktig vert tilskriven Johann Carl Friedrich GaussGausskurva»). Gjennom verket Annuities of Lives (1724) vert Moivre rekna som ein av grunnleggjarane av aktuarmatematikken.

Formelen[endre | endre wikiteksten]

De Moivres formel i læra om komplekse tal er følgjande viktige identitet for potensane av eit komplekst tal