Abrau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Abrau
innsjø
none Ei kyrkje ved innsjøen
Ei kyrkje ved innsjøen
Region Krasnodar kraj
Innsjøtype Karst
Høgd over havet 84 moh moh
Koordinatar 44°42′N 37°35.5′EKoordinatar: 44°42′N 37°35.5′E
Byar Abrau-Djurso
Wikimedia Commons: Abrau (Lake)

Abrau (russisk Абрау; frå det abkhasisk for «slukhol») er ein karstsjø i Russland og den største i Krasnodar kraj. Han ligg 84 meter over havet, ved foten til Nord-Kaukasus, om lag 14 km frå hamnebyen Novorossijsk ved Svartehavet. Innsøjen er om lag 2,6 km lang og 600 meter brei.

Tidleg på 1900-talet vart innsjøen rapportert å vere 35 meter djup, men i dag er det djupaste punktet berre 10 meter. Abrau har ikkje noko utsig via elvar. Tilsigsområdet rundt innsjøen er eit stort vinområde med mange vingardar ved landsbyen Abrau-Djurso.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]