Absalon Taranger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Absalon Taranger
AbsalonTaranger.jpg
Fødd10. august 1858
Sund
Død20. november 1930
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkehistorikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Absalon Andersson Taranger (10. august 185820. november 1930) var ein norsk rettshistorikar frå Sund i Hordaland. Han var ein ihuga talsmann for ei fri folkekyrkje i Noreg.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Taranger var fødd og oppvaksen i Sund, der far hans i 1865 var bakar på Sunds prestegard. Sjølv gjekk Taranger i 1875 i snikkarlære i Bergen, åra 1877–79 var han elev ved Stord seminar. I 1883 tok han examen artium i Kristiania og begynte først å studere teologi, men gav opp studiet grunna sjukdom. Frå 1885 var han assistent i Riksarkivet. I 1888 fekk han trykt avhandlinga «Om betydningen af herað og herðskirkja i de ældre kristenretter» i Historisk tidsskrift. Året etter fekk han Kronprinsens gullmedalje for ei avhandling om «Den angelsaksiske kirkes indflytelse paa den norske».

Taranger studerte jus og tok embetseksamen i 1893, og fekk omgåande stilling som universitetsstipendiat i historie. I 1897 tok han juridisk doktorgrad og vart i 1898 utnemnd til ekstraordinær professor i rettshistorie. Frå 1904 underviste han dessutan i kyrkjerett ved det praktisk-teologiske seminaret. Han var medlem av den departementale universitetslovkomiteen som var nedsett i 1900, og skreiv saman med byråsjef Klaus Hoel utkastet som danna grunnlag for universitetsloven av 1905.

Frå 1896 arbeidde Taranger med ei utgåve av Noregs gamle lover mellom 1388 og 1604. Første band kom ut i 1912. Han gav elles ut ei Norsk samfundslære til skulebruk og ei Udsigt over den norske rets historie i fire band.

I 1906 fekk Taranger plass i ein komité som skulle kome med forslag til ny kyrkjeskipnad. Som formann leia han arbeidet med å førebu lovforslaga som skulle munne ut i ei meir demokratisk statskyrkje. Perioden 1908–11 var han medlem av ein kommisjon der fleirtalet forkasta lovforslaget om sokneråd og soknemøte. Etter arbeidet i kyrkjekommisjonen skreiv han to halvband av Norges historie fremstillet for det norske folk, for tida 1319–1536. Deretter gjekk han tilbake til dei rettshistoriske studia sine.

I 1907 deltok Taranger då Det norske Kirkeparti vart stifta. Han var formann i partiet frå 1910 til 1920, då partiet vart reorganisert som «Det kirkelige landslag». Frå 1908 var han medlem av «Det kirkelige landsutvalg», som i 1923 vart omdanna til «Det frivillige kirkeråd».

Taranger slutta i professor-stillinga i 1928. Han døydde i 1930.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]